Fastlege (søknadsfrist 10.08)
Vikariat for fastlege
Helse- og omsorgsetaten Ulstein
Det er ledig to vikariat for fastleger i perioden 01.09.20-31.12.21. ( evt tidlegare oppstart). Vikariata er lokalisert ved Ulstein legesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastleger LIS1. Ulstein kommune har interkommunal legevakt saman med Hareid på ettermiddag og kveld samt nattlegevakt i samarbeid med 5 andre kommuner. Nattlegevakta er fastlønna . No i koronatida er kvelds og helgevakta også fastlønna. Det er pliktig deltaking i legevakta .
Avtale om vikariat er mellom fastlege og vikar. Ved ynskje om nærare opplysningar, ta kontakt med fastlege Andreas Lunde, tlf. 476 66 884 eller fastlege Alice Viktoria Egset, tlf. 971 81 767.
Arbeidsoppgåver
- Fastlegeoppgaver i eit aktivt fagleg og godt sosialt miljø
- Listestorleik 925-975.
- etter avtale evt arbeid på helsestasjon (maks 20% stilling )
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og ein må stette krava for refusjon frå Helfo
- Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Eit inkluderande godt faglig miljø med allsidig praksis.
- Veiledningsavtale med tanke på spesialisering i almennmedisin dersom ønskje om det
Søknadsfrist: 10.08.2020
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten Ulstein
Stad: Ulsteinvik
Stillingstittel: Vikariat for fastlege
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4257243545
Stillingar: 2
Arbeidsstad Sjøgata 1, 6065 Ulsteinvik
Kontaktinformasjon
Norunn Kirkebø Elde, Kommuneoverlege
928 02 357
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.