Seksjonsleiar God Start NSH (søknadsfrist 21.10)

 

Seksjonsleiar God Start NSH

 

Kvinneklinikken, Helse Førde
Helse Førde har ledig stilling som seksjonsleiar for God Start Nordfjord sjukehus.

Nordfjord sjukehus er lokalsjukehuset for Nordfjord. God Start eininga omfattar barselavdelinga på Nordfjord sjukehus, følgeteneste og svangerskapsomsorg i kommunane. Eininga er eit samarbeidsprosjekt mellom helseforetaket og Nordfjordkommunane Stad, Kinn, Gloppen og Stryn. God Start eininga ved NSH er organisert under Kvinneklinikken i Helse Førde.

Seksjonsleiar arbeider direkte under avdelingssjef ved Kvinneklinikken.

Arbeidsoppgåver

Personalansvar og økonomiansvar for seksjonen
Delta i utarbeiding av målsettinga for avdelinga
Oppfølging av personalet sin kompetanse
Utarbeiding av retningsliner i kvalitetshandboka
Leie aktiviteten i avdelinga
Delta i det kliniske arbeidet i avdelinga
Organisering av poliklinikkverksemda
Ca 50% klinisk arbeid

Kvalifikasjonar

Off.godkjent jordmor
Klinisk erfaring som jordmor
Leiarerfaring er ein fordel
Erfaring med samarbeid på tvers i organisasjonen og utad mot kommunane
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Evne til å arbeide sjølvstendig
Vere entusiastisk og kunne motivere personalet
Vere løysingsorientert

Vi tilbyr

Lønn etter avtale
Fagleg og personleg utvikling
Individuelt leiarprogram
Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Søknadsfrist: 21.10.2020

 

Arbeidsgivar: Helse Førde
Stad: Nordfjordeid
Stillingstittel: Seksjonsleiar
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4297450744
Stillingar: 1
Arbeidsstad Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

 

Kontaktinformasjon

Astri Rege
Avdelingssjef
913 11 435

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Del stillingen

Selskap

Helse Førde

Lenke til firma

https://helse-forde.no/

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Nordfjordeid

Søknadsfrist

Oktober 21, 2020