Adm 1 - kontor 1

Spanande fast stilling ved eksamen og vitnemål ledig!

Førstekonsulent/seniorkonsulent

 

Nord universitet

Utfordringane verda står framføre krev ny innsikt, innovative løysingar og lokal forankring. Nord universitet er eit ungt universitet med sterk regional tilknyting og eit globalt perspektiv. Vi leverer framtidsretta studietilbod og relevant forsking med fokus på blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, og velferd, helse og oppvekst.

Nord universitet har 11.000 studentar og 1.300 tilsette fordelte på ni studiestadar.

 

Seksjon for eksamen og vitnemål er ei eining i studieavdelinga ved universitetet sin fellesadministrasjon. Seksjonen har 24 tilsette fordelt på 4 studiestadar, og leiast av kontorsjef som rapporterer til studiedirektøren. Seksjonen har ansvar for eksamen, vitnemål og ein del andre studieadministrative oppgåver.

Om stillinga

Ved Nord universitet, seksjon for eksamen og vitnemål er det ledig ei fast 100% stilling som førstekonsulent/ seniorkonsulent.

Stillinga har kontorstad Bodø.

Adm 1 – kontor 1

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er innafor fagområda eksamen og vitnemål, som er eit spanande område under stadig utvikling. Stillinga kan også få ein del andre oppgåver i seksjonen. Innan fagområda eksamen og vitnemål ligg blant anna følgjande oppgåver:

Produksjon av vitnemål, inkludert kvalitetssikring og gjennomgang av ulike prosessar i forkant av sjølve produksjonen
Eksamensplanlegging
Eksamensavvikling
Rettleie studentar og tilsette i spørsmål om eksamen og vitnemål
Sakshandsaming av søknadar og klagar
Utviklingsoppgåver og kvalitetssikring av prosessar og rutinar
Laupande driftsoppgåver

Kvalifikasjonskrav

For tilsetjing i stilling som førstekonsulent krev vi relevant utdanning frå universitet eller høgskole, bachelorgrad eller tilsvarande. Lang og relevant praksis kan kompensere for delar av utdanningskravet
For tilsetjing i stilling som seniorkonsulent er det vidare eit krav om omfattande relevant erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Gode IT-kunnskapar
Andre kvalifikasjonar og personleg eigna til jobben
Erfaring frå offentleg forvaltning, samt kjennskap til universitets- og høgskolesektoren vil bli vektlagd
Evne til å arbeide systematisk, strukturert og sjølvstendig med fleire parallelle prosessar
Initiativrik og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Ha kunnskap og erfaring frå store organisasjonar med stor administrativ og fagleg kompleksitet
Erfaring med bruk av relevante IKT-verktøy
Utviklingsorientert
Ha god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
Om ein er personleg eigna vil bli vekta i stor grad

Vi tilbyd

Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1408 førstekonsulent – Ltr. 51 – 58, NOK 458 900 – 516 400 i året. Alternativt kode 1363 seniorkonsulent – Ltr. 52 – 61, NOK 466 500 – 545 300 i året. Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn avtales.

Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
Ein arbeidsplass i stadig utvikling
Fleksibel arbeidstid
Aktivt bedriftsidrettslag
Generell informasjon
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

Leiar seksjon for eksamen og vitnemål Brynjar Jørstad, brynjar.jorstad@nord.no, +47 47 32 89 72

Søknad

Søknad m/cv og kopi av vitnemål og attestar sendast elektronisk innan 25.03.2021

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Referanse: 30071874

 

Søknadsfrist 25. mars 2021

 

Arbeidsgivar Nord universitet

Kommune Bodø

Omfang Heiltid

Varigheit Fast

Arbeidsstad Bodø

 

Del stillingen

Selskap

Nord universitet

Lenke til firma

https://www.nord.no/no

Kategorier

Kontaktinfo

  • Brynjar Jørstad
  • Tittel: Leiar seksjon for eksamen og vitnemål
  • E-Post: brynjar.jorstad@nord.no
  • Mobil/Tlf: +47 47 32 89 72

Lokasjon

  • Bodø

Søknadsfrist

Mars 25, 2021