Stipendiatstilling i samfunnsfagdidaktikk

 

Om stillinga

Høgskulen i Volda søkjer etter stipendiat i samfunnsfagdidaktikk ved Avdeling for Samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS).

Stipendiatstillinga er ei utdanningsstilling som i hovudsak skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstilling blir sett på som viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular.

Vi ønsker søkarar frå heile det samfunnsfagdidaktiske fagfeltet, men desse temaområda er særleg aktuelle:

– Digital danning
– Globale berekraftsutfordringar
– Berekraftsdidaktikk
– Geografididaktikk
– Kart i skulen

Stipendiaten vert tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt. Arbeidsplikta kan bestå av undervisning, rettleiing og liknande. Arbeidet vil vere relevant for doktorgradsarbeidet. Tidpunkt for tilsetjing blir avklara i rekrutteringsprosessen.

Stillinga har arbeidsstad ved Høgskulen i Volda. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett bur slik at vedkomande kan vere til stades og tilgjengeleg for fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.

Det er eit vilkår for å starte i stillinga å ha fått opptak på doktorgradsprogram. Dokumentasjon på opptak må ligge føre seks månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga.

Dersom søkar allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, legg ein ved dokumentasjon på dette.

Høgskulen i Volda

Om instituttet

Arbeidsstad er Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS). Instituttet tilbyr mellom anna bachelor i planlegging og administrasjon, master i samfunnsplanlegging og leiing, årsstudium i samfunnsvitskap, skuleretta samfunnsfag og samfunnsfag i barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning. Vi har per i dag 20 fast tilsette. Det er fleire forskingsgrupper ved instituttet, mellom anna forskargruppe i samfunnsfagdidaktikk som er fellesgruppe med Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergrad­utdanning eller tilsvarande, og normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Utdanninga må vere relevant for forsking innanfor samfunnsfagdidaktikk. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, er det viktig at du legg ved godkjenning frå NOKUT.

Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevant for fagområdet til stillinga, vil også bli vektlagde. Det same gjeld relevant arbeidserfaring frå undervisning.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektideen og prosjektskissa som ligg ved søknaden.

Prosjektskissa skal vere på maksimum 10 sider. Det skal kome fram kva du ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva empiri/datagrunnlag ein tek sikte på å bruke.

Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnadar for å gjennomføre forskarutdanninga. Motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet er viktige føresetnader. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere nytenkande og kreativ.

Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.

Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.

Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.

Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er alle stipendiatar lønna i lønssteg 54 i alternativ 10. Det er lagt opp til ei jamn lønnsutvikling i perioden.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar i arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på Arbeidsgiverportalen.

https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

– vitnemål og attestar

– CV

– Masteroppgåve

– Eventuelle andre vitskaplege arbeid

– Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten

– Evt. Stadfesting på opptak på doktorgradsprogram

Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Søkjarane blir vurdert av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til instituttleiar ved IPAS, Nils Magne Magerøy, e-post nmm@hivolda.no, tlf. 70 07 51 63, eller dekan ved ASH, Randi Bergem, e-post randi.bergem@hivolda.no, tlf. 70 07 52 11

Om avdelinga

Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1300 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).

Volda - verdas beste studiebygd!

 

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Søknadsfrist 5. juni 2021

 

Arbeidsgivar Høgskulen i Volda
Kommune Volda
Omfang Heiltid
Varigheit Åremål

Arbeidsstad Volda

 

 

Del stillingen

Selskap

Høgskulen i Volda

Lenke til firma

https://www.hivolda.no/

Kategorier

Kontaktinfo

  • Se kontaktinformasjon i utlysing.
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

Juni 5, 2021