Måløy vgs: *Undervisningsstilling i informasjonsteknologi 70% vikariat (søknadsfrist 06.09)

 

Undervisningsstilling innan informasjonsteknologi Vg1 og Vg2, 70% vikariat

 

MAL – MÅLØY VGS, Vestland fylkeskommune

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.

Søknadsfrist: 06.09.2021
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Deknepollen
Stillingstittel: Undervisningsstilling innan informasjonsteknologi
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 70
Webcruiter-ID: 4388989311

Arbeidsoppgåver

Måløy vidaregåande skule har utdanningsprogrammet Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon og Vg2 Informasjonsteknologi. Stillinga vil omfatte undervisning i programfag på Vg1 og Vg2 Informasjonsteknologi.

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse jf. forskrift til Opplæringslova §14-4
Kompetanse innan programområdet informasjonsteknologi.
Relevant fagbrev i eitt eller fleire fagområde.
Teoretisk utdanning på fagskule eller høgskulenivå.
Praksis frå fagområdet.
Bestått praktisk pedagogisk utdanning (PPU-Y). Søkjarar utan formell undervisningskompetanse kan tilsetjast fast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan 3 år.
Erfaring frå undervisning.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer personar som er utviklingsorienterte og som er villig til å dele kunnskap med andre tilsette på avdelinga. Vi vektlegg gode samarbeidsevner for å nå felles mål. Vi ønskjer kollegaer som har eit positivt elevsyn, som har gjennomføringsevne, som er reflekterte og som viser kreativitet.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings – og pensjonsordningar.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

 

Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen, Norge

Kontaktinformasjon

Knut Olav Bjørnholm, avdelingsleiar
932 07 172

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Måløy

Søknadsfrist

September 6, 2021