Sakshandsamar byggesak (søknadsfrist 20.09)
Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
Sakshandsamar ved byggesak
Byggesakshandsamar i Noregs friluftshovudstad
Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa?
Ledig stilling som sakshandsamar byggesak
2 fast 100% stilling som sakshandsamar byggesak
1 eitt-årig 100% vikariat byggesak
Stillingane ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling. Verksemda er no slått saman med verksemd for landbruk og havbruk med felles leiar. Verksemda har i dag 13 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver:
Hovudmengda av arbeidet er knytt til sakshandsaming knytt til plan- og bygninglova og anna aktuelt lovverk. Dialog med innbyggjarane er også ein viktig del av arbeidet.
Ynskte kvalifikasjonar:
Minimum 3- årig høgare relevant utdanning innan relevant fagkrets, td. ingeniør, jurist, arealplanleggar. Andre utdanningsretningar kan vurderast.
Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon. Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk.
Eigenskapar:
Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
Evne til å arbeida systematisk
Gode gjennomføringsevner
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Fleksibilitet og positiv innstilling
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
Løn etter avtale
Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 20.09.2021
Arbeidsstad: Ullensvang kommune
Kontaktpersonar:
Trygve Vik
mob: +47 900 69 759
Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?