Administrasjonsmedarbeider/konsulent
Med om lag 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Om stillinga
Fagskulen Vestland har ledig eit års vikariat knytt til Servicetorget på studiestaden Nordnes med start så snart som mogleg og fram til 1. mai 2024.
Det er viktig at du arbeider sjølvstendig og systematisk med oppgåvane dine, og har gode samarbeidsevner. Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
- Søknadsfrist: 04.06.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: Administrasjonsmedarbeider/konsulent
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Vikar
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4665651703
- Ekspedisjon/posthandtering
- Arkivering og postfordeling i sak- og arkivsystemet (Elements)
- Innkjøp i økonomisystemet Visma Enterprise Plus
- Enklare sakshandsaming
- Tilgangsstyring og produksjon av tilgangskort
- Administrative driftsoppgåvar knytt til tenester ved Servicetorget
- Andre oppgåvar kan bli lagt til stillinga
- Administrativ utdanning / fagbrev / relevant arbeidserfaring
- Kjennskap til studentadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
- Gode IKT kunnskapar
- God skriftleg framstillingsevne
- Har gode samarbeidsevner
- Er initiativrik og sjølvstendig
- Trivst med utfordringar
- Nøyaktig og systematisk
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Arbeidsstad:
Fagskulen Vestland, studiestad Nordnes (Haugeveien 28, 5005 Bergen )
Kontaktinformasjon
Hege Aarethun
administrasjonsleiar
Telefon:99509287
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.