Kyrkjetenar

 

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Om stillinga

KYRKJETENAR (80%) I SPJELKAVIK KYRKJE

Spjelkavik kyrkjelyd ligg i austre del av Ålesund kommune. Spjelkavik kyrkje med kontor ligg på Moa, 12 km frå Ålesund sentrum.Kyrkjelyden har 12 faste stillingar: Dagleg leiar, 3 prestar, kateket, diakon, kantor, organist, kyrkjetenar, frivilligkoordinator og 2 medarbeidarar innan trusopplæringa. I kyrkjelyden er det eit stort tal aktive frivillige.
Spjelkavik kyrkjelyd har ca. 17500 medlemmar og er blant dei største kyrkjelydane i Den norske kyrkja.

Meir informasjon finn du på www.spjelkavik.menighet.no

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 25.01.2024
Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Kyrkjetenar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 80

Viktige oppgåver for kyrketjenaren er

Føre tilsyn med og utføre enkelt vedlikehald av teknisk anlegg, inventar, bygningar og næraste uteområde.
Klargjering, tilrettelegging, opprydding og reinhald i samband med gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement i Spjelkavik kyrkje.
Være ein medspelar i kyrkjelydens heilhetlege arbeid.

Kvalifikasjonskrav og eigenskaper

Relevant utdanning og praksis
Kunne handtere tekniske anlegg for lyd, lys og bilde
Ha grunnleggande datakunnskap.
Arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Serviceinnstilt og sosial haldning.
Medlem i Den norske kyrkja.

Det vert brukt eigne dataprogram, for planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver og prosjekt på bygg og andre administrative program. Opplæring og kurs vil bli gitt.

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.

Vi tilbyr

Ansvarsfull, variert og fleksibel jobb.
Løn og arbeidstilhøve i følge tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP.
Ålesund kirkelige fellesråd er IA-bedrift.
Den som søkjer må være medlem i Den norske kyrkja, og det er krav til politiattest ved tilsetting.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund, Norge

Kontaktinformasjon

Arnstein Myklebust, Avdelingsleder bygg og anlegg
Telefon:  921 28 000

 

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

 

Del stillingen

Selskap

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Arnstein Myklebust
  • Tittel: Avdelingsleder bygg og anlegg
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 921 28 000

Lokasjon

  • Ålesund

Søknadsfrist

Januar 25, 2024