100% fast stilling som lærar på teknologi- og industrifag
Årdal vidaregåande skule har 40 tilsette og om lag 160 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefag, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Vi legg vekt på å skape eit godt læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Ved skulen er følgjande stilling ledig frå 01.08.2023:
100% fast stilling som lærar på teknologi- og industrifag.
- Søknadsfrist: 26.05.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: 100% fast stilling som lærar på teknologi- og industrifag
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4662965278
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning
- Vurderingsarbeid
- Vere ein bidragsyter i tverrfagleg samarbeid, klasseteam og ut mot samarbeidsbedrifter
Stillinga vil hovudsakleg vere retta mot undervisning på:
- Vg1, teknologi- og industrifag
- Vg2, industriteknologi
- Vg2, kjemiprosess- og laboratoriefag
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person som har relevant utdanning og/eller erfaring innan mekaniske fag. Minstekrav er bestått fagbrev.
Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdanning, men vi oppfordrar alle med relevant fagkompetanse til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- er engasjert og positiv, med ønskje om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø.
- har eit positivt elevsyn.
- er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg.
- er tilpasningsdyktig.
Vi tilbyr
- Eit positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- Ein skule som nyttar arbeidslivet i opplæringa
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ved tilsetjing av kandidatar utan praktisk-pedagogisk utdanning er det eit krav om fullført PPU innan tre år.
Det vert teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Vi må òg sjå på tildelt klassetal seinare på våren.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som vert tilsett, må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun
rektor
Telefon:90694334
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.