Arealplanleggar (søknadsfrist 25.05)

 

Arealplanleggar

 

Vil du vere med på laget?

Bykle kommune er staden for faglege utfordringar i kombinasjon med moglegheiter til eit moderne kvardagsliv og rike moglegheiter til fjell- og friluftsliv på fritida. Vi har eit fagmiljø som arbeider i spennet frå store utbyggingsprosjekt med investorar til sikring av natur, og samhandling med regionale styresmakter. Kommunen arbeider med stadutvikling og balansert arealbruk, til beste for fastbuande og tilreisande. Hos oss kan du vere med og legge til rette og legge premisser for utviklinga. Vi har mange plansaker og høgt utbyggingstempo. Vi søker ein erfaren planleggar med på laget. Hos oss vil du vere ein del av planavdelinga på Bykle rådhus. I stillinga vil du få trivelege kollegaer som arbeider med kart, plan, matrikkel, særlovssaker innafor jord og skogbruk, vilt, utmark og motorferdsel i utmark, miljø og forureining, vassdrag, byggesak osv.

Arbeidsoppgåver

Planarbeid på ulike nivå i medhald av plan- og bygningslova. Reguleringsplaner primært.
Sakshandsaming med involvering av andre einingar internt, sektor- og regionale styresmakter.
Utarbeiding av eigne planer, samarbeide med konsulentar om private reguleringsplaner.
Framlegg av plansaker, dispensasjonssøknader, klagesaker, delingssaker, høyringsuttaler innafor avdelinga sine fagområde m.v.
Utviklingsarbeid, prosjekt-/prosessleiing, deltaking i politiske møte mv.
Andre oppgåver kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning frå universitet/høgskule (min.bachelornivå) med fagområde innanfor areal-/samfunnsplanlegging e.l.
Fagområde med plan- og bygningsrett, forvaltingslov og offentlegheitslova vil bli vektlagt. Dette kan ev kompenserast gjennom relevant praksis.
Relevant arbeidserfaring frå offentleg forvalting er ein fordel
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God kjennskap til digitale verktøy, kart og plan og sakshandsamingssystem.
Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er skikka for stillinga, er fleksibel, har evne til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig.
Den som blir tilsett må ha førarkort minimum klasse B

Personlege eigenskapar

Ryddig og serviseinnstilt
Fagleg trygg
Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

Spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
Fleksibel arbeidstid
Løn etter kvalifikasjonar, og etter avtale
God pensjons- og forsikringsordning
Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
Flyttegodgjersle etter eige reglement

 

Søknadsfrist: 25.05.2020

 

Arbeidsgivar: Bykle kommune
Stad: Bykle
Tittel: Arealplanleggar
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID: 4230276285
Stillingar: 1
Arbeidsstad  Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

 

Kontaktinformasjon

Signe Sollien Haugå, Plansjef
482 37 300
[email protected]

 

Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.

 

Del stillingen

Selskap

Bykle kommune

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Bykle

Søknadsfrist

Mai 25, 2020