6325_2023_1_12_faf0b39c-f922-4f7e-8424-f57f13d62123

Tenesteområde Plan, byggesak, oppmåling og geodata, Haram kommune

Arealplanleggar

 

Vi søkjer etter sakshandsamar i 100 % stilling innan arealplanlegging ved tenesteområde plan, byggesak, oppmåling og geodata.

Tenesteområdet er eit av tre tenesteområde i Kommunalområdet Eigedom og tekniske tenester. Tenesteområdet har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesakshandsaming, kartforvaltning og måle- og deletenester samt kulturminneforvaltning.

Plan sine hovudoppgåver er kommuneplanen sin arealdel, private og offentlege reguleringsplanar, kulturminneforvaltning og stadsutvikling. Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og oppgåvene vil vere knytt til både saksbehandling, prosjektarbeid, tverrfagleg medverknad med samfunnsplanleggar i stab samt rettleiing. Samenhengane mellom kommuneplanen sin samfunns- og arealdel, planstategier, reguleringsplanar heile vegen til byggesak og oppgåveløysing på tvers av fagfelt er viktig for oss. Som rådgivar hos oss får du ein spanande arbeidskvardag med mykje fagansvar.

Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ei av fylket sine fremste industrikommunar og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den matitime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri og jordbruk er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan idrett, kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv over alt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa – området og 45 minutt frå Ålesund lufthamn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 01.11.2024
Arbeidsgivar: Haram kommune
Stad: Brattvåg
Stillingstittel: Arealplanleggar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100

Arbeidsoppgåver

Arealplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova
Informasjon og medverknadsprosessar
Rettleiing i plansaker
Samhandling og samarbeid med politisk nivå, regionale mynde, utbyggarar, næringsliv, ulike samfunnsaktørar, grunneigarar og befolkninga elles.
Fremme planforslag for politisk handsaming
Bidra i arbeidet med utbyggingsavtalar
Bidara i arbeidet med kommuneplanen, områdeplanar

Kvalifikasjonar

Utdanning på mastergrads nivå med bakgrunn som fysisk planleggjar, arkitekt, landskapsarkitekt, geograf eller tilsvarande
Annan utdanningsbakgrunn i kombinasjon med lengre erfaring frå planprosessar etter plan- og bygningslova kan vurderast.
Kunnskap om offentleg forvaltning og relevant lovverk
Erfaring med arealplanlegging på ulike plannivå
Relevant praksis med plan- og bygningslova er ønskeleg
Beherske IKT-verktøy relevante for fagfeltet godt
God forståing av kommunen si rolle som samfunnsutviklar og erfaring frå samspelet mellom politikk og administrasjon
Gode norskkunnskapar med god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Du må vere analytisk og strukturert
Samfunnsengasjert og fagleg engasjert
Du må ha god arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig
Du må vere løysingsorientert
Du må ha gode samarbeidsevne og vere god til å kommunisere i møte med ulike menneske
Trivast med høgt arbeidstempo
Du må vere robust og kunne handtere konfliktar på ein profesjonell måte
Trivast med å omgås menneske
Ha god arbeidsmoral og vere ansvarsfull
Vi legg stor vekt på at du er motivert og personleg egna for stillinga

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
Varierte arbeidsoppgåver
Høgt fagleg nivå
Fleksibel arbeidstid
Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg
Gratis parkering inne i p-kjeller på tenestehuset
Løn etter avtale. God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Strandgata 40, 6270 Brattvåg, Norge

Kontaktinformasjon

Kristin Fjeld-Eiken, Kommunalsjef
E-post: [email protected]

Bent Leite, Tenesteleiar
Telefon: +47 975 67 552

 

Haram kommune

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

 

Del stillingen

Selskap

Haram kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bent Leite
  • Tittel: Tenesteleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+47 97567552

Lokasjon

  • Brattvåg

Søknadsfrist

Februar 20, 2024