Arealplanleggjar (søknadsfrist 01.08)

Ål kommune

 

Arealplanleggjar i Utviklingsavdelinga -Vikariat 1 år

 

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Spennande kommune vil ha deg med på laget.

Som vår medarbeidar blir du ein del av det faglege miljøet i kontorfellesskap med byggesak,
oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva blir arealplanlegging med handsaming av private og kommunale reguleringsplanar

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

• Har formell plankompetanse.

• Har erfaring frå arbeid med reguleringsplanar og god kjennskap til plan- og bygningslova.

• Vil vera med å jobbe for positiv utvikling i Al.

• Er open og lærevillig og likar å samarbeide med andre.

• Har forståing for prosessar.

• Utrykker deg klart og forståeleg munnleg og skriftleg.

Me tilbyr

• Løn etter avtale. Tilsetting iht. gjeldande lov- og avtaleverk. Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar.    Vikariatet er ledig frå 1. oktober.

• Pensjonsordning gjennom Kommunal Landspensjonskasse.

• Vi hjelper til med å skaffe bustad og barnehageplass.

• Er du glad i friluftsliv ( ski, sykkel, klatring, riding, vandring) og set pris på eit rikt kulturliv er Ål

• plassen for deg – sentralt i Sør-Noreg midt mellom Oslo og Bergen.

Send søknad:

Søknad på stillinga sendast elektronisk via heimesida til Ål kommune: www.aal.kommune.no . Når du har valt aktuell stilling er det ein grøn knapp «Send søknad» øvst i høgre hjørne. Du skal ikkje sende inn vitnemål og attestar. Ta med kopiar av disse til eit eventuelt intervju. Kommunen følgjer offentlighetsloven § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Fylke: Viken

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 01.08.2021

 

Tiltreding: 01.10.2021

Arbeidsstad: Ål

 

Kontaktpersonar:

Reidun Aaker

mob: +47 99287854

Svein Furuhaug

mob: +47 91518610

 

Heimeside:
www.aal.kommune.no

 

Ål kommune Utviklingsavdelinga

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet. Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell. Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

August 1, 2021