Arkivleiar (søknadsfrist 28.09)
Årdal kommune: #meirenndutrur #ardalkommune #mittårdal og mykje meir.
Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, teknologibygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.
Årdal kommune kan smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar, både musikk og friluftlivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for tilsette og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Alle er hjarteleg velkomne til oss!
Arkivleiar
Me har ledig
100 % stilling som arkivleiar.
Arkivtenesta er ein støttefunksjon organisert under rådmannen. Det er to tilsette ved arkivet, tilsaman 1,9 årsverk. Arbeidsstaden er på Rådhuset. Vårt saks-/arkivsystem er Acos Websak (Fokus).
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene er:
-operativt og fagleg ansvar for kommunen si samla arkivteneste, for arkivdanninga og for bevaring av arkivmateriale, jfr.gjeldande regelverk
-saman med IT-ansvarleg utarbeida reglar for bruk,langtidsbevaring og sletting av informasjon på ulike system
-journalføring og kvalitetetssikring av dokumentasjonen i sak-/arkivsystemet
-Systemansvar for sak/arkivsystemet og ansvar for dokumentasjon av øvrige fagsystem
-Utarbeide og ajourhalde arkivplan og bevarings- og kassasjonsreglement
-Opplæring og brukarstøtte for leiarar og sakshandsamarar i organisasjonen
-Sikre at gode rutiner og arbeidsprosessar vert utarbeida, implementert og følgt opp
-Ansvar for arkivtenesta si tilknyting til Kommunearkivordninga i Vestland
-Prosjektarbeid internt og eksternt etter avtale
Kvalifikasjonskrav
-Søkjarar med arkivfagleg utdanning vert føretrekt. Erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for formell utdanning
-Erfaring med arkivarbeid i offentleg forvaltning og bruk av elektronisk sak/arkivsystem er ei fordel
-God kunnskap om regelverk for offentleg forvaltning og arkiv
-God IKT og teknologikompetanse
-God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Aktuell søkjar utan formell kompetanse må forplikte seg å ta arkivutdanning etter kvart.
Personlege eigenskapar
-Serviceinnstilt, med god kommunikasjons- og samarbeidsevne
-Sjølvstendig med god gjennomføringsevne
-Nøyaktig, strukturert og ha god ordenssans
-Initiativrik, løysingsorientert og framtidsretta
-Er raus og deler kunnskap og kompetanse for felles fagleg utvikling
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel “søk stilling” i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk “gløymt passord”. Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
Søknadsfrist 28.09.20
Vår ref1089
Merk søknad
Fakta
Selskap Årdal kommune
Stilling Fagleiar
Stillingstype Fast heiltid
Lokasjon Administrasjon
Kontakter
Elin Heen, Leiar personalstaben
elin.heen@ardal.kommune.no
Mobil 91 58 84 89