Lærar Bygg og Anleggsteknikk
ARN – Avd. BA og HO, Vestland fylkeskommune
Lærar bygg- og anleggsteknikk
Med atterhald om skuleeigars godkjenning, treng vi frå 01.08.2023 1 lærarar i 100% stilling innan programfaga for bygg- og anleggsteknikk.
Det kan også bli spørsmål om å ta på seg kontaktlæraransvar.
Tilseting: Snarast råd er.
Du finn meir informasjon om skulen sitt tilbod på nettsida vår.
Nå inviterar me DYKK til å bli med i teamet saman med våre dyktige og engasjerte kollegaer! Me oppfordrar alle kjønn til å søke.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 25.08.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Indre Arna
Stillingstittel: Lærar Bygg og Anleggsteknikk
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4694975270
Arbeidsoppgåver
Undervisning bygg- og anleggsteknikk, vg1 Bygg og anleggsteknikk og vg2 Tømrar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og arbeidserfaring innanfor eit av fagområda: bygg- og anleggsteknikk / Tømrar
- Teknisk fagskule eller Ingeniørhøgskule, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ønskeleg med undervisningserfaring.
- Ved manglande pedagogisk utdanning vil det bli lagt til rette for etterutdanning.
- Ønskeleg med erfaring i bruk av IKT som arbeidsverktøy.
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell
- Du har godt humør og ei positiv innstilling
- Du er ein god lagspelar og deler av kunnskapen din
- Du arbeider strukturert og systematisk
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
- Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
Adresse: Vestlivegen 43, 5260 Indre Arna, Norge
Kontaktinformasjon
Lars Inge Skjerping Teigen, avdelingsleiar
Telefon: 908 98 256
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.