Pedagog/faglærer innen programområdet elektro og datateknologi
Åsane vidaregåande flytta inn i nye lokale august 2020. Lokala ligg sentralt plasserte mellom Åsane senter og Horisont. Skolebygningen inneheld mange forskjellige interesseområde i tillegg til vidaregåande skole. Blant anna bibliotek, tannhelseteneste, rettleiingsteneste og Åsane og Arna kulturkontor.
Ved oppstart august 2023 har vi ca.1000 elevar og 300 deltakarar i vaksenopplæringa i tillegg til fengselsopplæringa.
Vi tilbyr opplæring innan helse- og oppvekstfag, teknologi og industrifag, elektrofag, byggfag, sal og service, idrettsfag og påbygg til generellstudiekompetanse i tillegg til opplæring i små grupper for elevar med særskilde behov.
Skolen arbeider ut frå visjonen «saman gjer vi kvarandre gode» og vårt mål er at våre elevar gjennom daglege trivsels- og meistringsopplevingar skal oppnå auka motivasjon og lærelyst, slik at dei er best mogleg førebudd for livet vidare.
Vi har 1 ledig fast stilling som faglærar i avdeling for elektro og datateknologi vg1 og vg2 elenergi og ekom ved Åsane vgs.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova. Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Søkjarar med brei kompetanse vil bli føretrekt.
- Søknadsfrist: 02.07.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stad: Ulset
- Stillingstittel: KOPI AV Pedagog/faglærer innen programområdet elektro og datateknologi
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4681929410
Arbeidsoppgåver
Undervisning på VG1 og VG2 innan dei programma skolen tilbyr på elektro og datateknologi.
Se læreplan for:
* vg1 elektro og datateknologi https://www.udir.no/lk20/ele01-03?lang=nob
* vg2 elenergi og ekom https://www.udir.no/lk20/ele02-03
Kvalifikasjonar
Relevante søkjarar må ha undervisningskompetanse innan faga nevnt i lærerplanene som inngår i utlysingen. Spes.ped i fagkretsen er også ønskeleg.
Søkjarar med brei kompetanse, god i norsk, muntlige og skriftlige, med god IKT kompetanse vil bli føretrekt.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er utviklingsorientert, analytisk, har gode kommunikasjonsevner, gode samarbeidsegenskaper og med evne til å bygge relasjonar, du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig.
Du liker å ha omgang med unge menneske og du ønsker, og vil arbeide for, at elevene innan programområda opplever mestring i kvardagen, at dei opplever å lære og utvikler seg i tråd med sitt potensiale. I den grad opplæringa legg til rette for det, skal ein arbeide for at elevane fullfører, består opplæringa og får lærekontrakt.
Søkeres elevsyn vil bli vurdert, du liker å hjelpe mennesker og finne løsninger i deres kompleks hverdag.
Vi tilbyr
- Lønn etter tariff
- Eit spanande og godt arbeidsmiljø
- Hyggelege kollegaer
Åsane Senter 52, 5116 Ulset, Norge
Kontaktinformasjon
Jens-Petter Storheim
rektor
Tore Gatland Kleppe
Avdelingsleder
E-post:tore.gatland.kleppe@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.