Assisterende rektor

 

Sandsli vidaregående skole har om lag 600 elevar og 80 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Programområda våre er studiespesialiserande og restaurant og matfag, og vi har både tilrettelagt opplæring og vaksenopplæring. Sandsli videregåande skole arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Sandsli vgs er kjend for godt skulemiljø, og resultata i ulike undersøkingar viser høg trivsel blant elevane, og at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling.
For meir informasjon om skulen sjå heimesida vår: https://www.sandsli.vgs.no

Sandsli vgs har ledig stilling som assisterande rektor frå skuleåret 2023/24. I samarbeide med rektor og leiargruppa vil du medverka til å bevara og vidareutvikla eit godt læringsmiljø for elevane ved skulen, initiera og følgja opp utviklingsarbeidet til skulen og vidareutvikla skulen sitt profesjonsfelleskap. Du har ein open og samarbeidande leiarstil, og du er oppteken av at både elevar og tilsette skal opplever trivsel, læring og meistring.

 

Søknadsfrist: 22.03.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Sandsli
Stillingstittel: Assisterende rektor
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4632130944

Arbeidsoppgåver

Rektors avløysar
Ledelse av det pedagogiske utviklingsarbeidet til skulen
Ledelse av det systematiske kvalitetsutviklingsarbeidet til skulen
Personalleiing
Eksamensansvarleg
Andre oppgåver må reknast med

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning frå universitet/høgskule
Erfaring frå pedagogisk leiing i vidaregåande opplæring
Skulerelatert høgare leiarutdanning er ønskjeleg
God forvaltningskompetanse og god kjennskap til lov- og avtaleverk
Kjennskap til skuleadministrative verktøy
God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

Evne til å setja klart definerte mål, og arbeida strategisk for å nå desse
Evne til å reflektera over, og forbetra eksisterande praksis
Romsleg menneskesyn
Analytisk og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

Eit godt miljø der me legg vekt på fagleg og personleg utvikling
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
Ein skule der samarbeid og deling står sentralt
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Sandslimarka 51, 5254 Sandsli, Norge

Søk her

 

Kontaktinformasjon

Bengt Håkon Lund
rektor
40105611
bengt.hakon.lund@vlfk.no

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Tage Lie Karlsen
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 98216619

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

Mars 6, 2023