Kantor / organist / kyrkjemusikar

 

 

 

Aukra sokn ligg i Møre bispedøme, om lag 10 km frå Molde.

Aukra kommune er ein eittsoknskommune med om lag 3700 innbyggjarar. Hovuddelen med Aukra kyrkje ligg på øya Gossen. Julsundet er fastlandsdelen av soknet / kommunen. Om lag 2500 innbyggjarar bur på øya, 1200 på fastlandet. Ferga tek 12 min og går jamleg. Kommunen har to barne/ungdomsskolar, med SFO; barnehagar, helsesenter m/legeteneste, tannlege, fysioterapi; nytt kulturhus; aktivt kultur- og idrettsliv, variert kristeleg aktivitet.

Soknekyrkja ligg på Gossen, det er ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1835. Orgelet er eit 16 stemmers pipeorgel med kombinasjonsanlegg frå TH Frobenius & sønner, bygd i 1995. Orgelet har fått mykje god omtale av konsertutøvarar.

Staben består av kyrkjeverje, sokneprest, kantor, trusopplærar, klokkar og to kyrkjetenarar.
Like ved kyrkja ligg eit fint, nytt kyrkjelydshus med kontor, møterom og kyrkjelydssal.

60 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar i Aukra sokn er ledig frå 1. januar 2024.

 

  • Søknadsfrist: 15.11.2023
  • Arbeidsgivar: Aukra Sokn
  • Stad: Aukra
  • Stillingstittel: Kantor / organist / kyrkjemusikar
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Deltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 60
  • Webcruiter-ID: 4724743168

 

Kvalifikasjonskrav i hht. tenesteordning for kantor. Relevant erfaring er ønskjeleg. Ein legg vekt på at søkjar har evne til samarbeid, initiativ og kreativitet i arbeidet. Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.

Teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, som i hovudsak er lagt til Aukra kyrkje. 8-10 gudstenester i året er lagt til Julsundet Fleirbrukshus / Mevoldtunet på fastlandet.
Hovudarbeidsområdet vil vere i høve til tenesteordning. Nærare fastsetting av kantors oppgåver blir sett opp i instruks og arbeidsplan saman med den som vert tilsett.

Dersom søkjar er interessert, kan stillinga kombinerast med inntil 40 % stilling som trusopplærar.

Løns- og arbeidsvilkår i hht. avtaleverket. Pensjonsordning i KLP. Gjensidig prøvetid: 6 mnd.

Kontakt: Leiar i Aukra sokne- og fellesråd (SFR): Erlend Melby tlf 922 20 253 eller
Kantor Robert Coates tlf 474 43 446

Søknad med bekrefta kopiar av vitnemål og attestar sendast innan 15.nov 2023, til:

Aukra sokn
Skogvegen 1A
6480 Aukra

 

Skogvegen 1a, 6480 Aukra, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Erlend Melby
Hovedansvarlig
 Telefon:922 20 253

Robert Coates
Kontaktperson 2
 Telefon:474 43 446

Del stillingen

Selskap

Aukra sokn

Lenke til firma

http://aukrakyrkje.no/

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Aukra

Søknadsfrist

November 15, 2023