Undervisningsstilling – Lærar tilrettelagt opplæring

 

 

Austrheim vidaregåande skule ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune. Vi er ein skule med om lag 200 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland samt Gulen og Solund. Skulen har studiespesialisering og ulike yrkesretta studietilbod. Austrheim vidaregåande skule har eit tett og godt samarbeid med næringslivet i Fensfjordområdet med fyrtårna Mongstad og Sløvåg og med kommunane i vårt område. Austrheim vgs set eleven i sentrum under mottoet «Me bryr oss!» ut frå ein filosofi om at trivsel er viktig for læring. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.

 

Søknadsfrist: 02.06.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Austrheim
Stillingstittel: Undervisningsstilling – Lærar innan tilrettelagt opplæring
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4818734896

 

Arbeidsoppgåver

Austrheim vidaregåande skule har frå 01.08.2024 ledig undervisningsstilling i 100%.

Arbeidsoppgåver:

* Tilrettelagt opplæring i programfag på teknologi- og industrifag og bygg- og anleggsteknikk.
* Tilrettelagt opplæring i fellesfag.
* Ansvar for å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga. ‘
* Bidra til kompetanseutvikling i profesjonsfellesskapet – både pedagogisk og fagleg.

 

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med:

* Yrkesfaglærarutdanning (YFL), praktisk-pedagogisk utdanning eller almennlærarutdanning.
* Fagbrev innan teknologi- og industrifag eller bygg- og anleggsteknikk
* Spesialpedagogisk kompetanse.
* Erfaring frå undervisning.
Det er ikkje sikkert at det er mogeleg å få søkjarar som oppfyller alle desse ynskja, så ein almennlærar med meir uformell praktisk kompetanse vil kun vere aktuell. Det same vil ein fagarbeidar med dei rette personlege eigenskapane kunne vere.

Det er krav om framvisning av politiattest.

 

Personlege eigenskapar

* Eit positivt elevsyn og ser mogleheitar i alle elevar
* Likar å arbeide praktisk.
* Pedagogisk og faglig nysgjerrig
* Utviklingsorientert
* Gode evner til samarbeid, lagtenking og relasjonsbyggjande eigenskapar
* Opptatt av å skape eit trygt og godt læringsmiljø med tydeleg klasseleiing
* Strukturert og sjølvstendig

 

Vi tilbyr

* Eit aktivt og stimulerande fagmiljø og med i teamet vårt for tilrettelagt opplæring.
* Bidra til utvikling av vår nye læringsverkstad.
* Nært samarbeid med kollegaer.
* Høve til tverr
* Eit særs godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
* Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
* Gode forsikrings- og pensjonsordninga

 

Andre opplysningar

I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar

 

Mastrevikane 44, 5943 Austrheim, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Frode Hervik
rektor
 Telefon:90565217

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne eller seksuell legning. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Frode Hervik
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 905 65 217

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

Oktober 27, 2024