Vi søkjer etter engasjert og relasjonsorientert leiar til sjukeheimstenesta

Avdelingsleiar – 100 % fast, Velferdssenteret på Radøy

 

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Velferdssenteret på Radøy.

Om Radøy Velferdssenter

Velferdssenteret er lokalisert sentralt på den grønne øy Manger, vi har total 38 plasser fordelt på somatiske langtidsplassar, plasser tilrettelagt for personar med demenssykdom, samt Kortidsplasser og en gruppe med tilbod om palliativ omsorg Florence.
Hos oss finn du eit godt tverrfagleg team av sjukepleier vernepleiar , sjukeheimslege, helsefagarbeidarar og pleiemedhjelparar. Avdelinga har årsturnus og stort fokus på heltidskultur. Avdelingsleiarane og tenesteleiarane er med i sjukeheimstenesta sitt leiarteam som jobbar tett saman for å gje gode tenester til brukarane.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har heilskapleg leiaransvar for avdelinga. Som leiar har du ansvar for dagleg leiing, drift og kvalitetssikring av tenestene på avdelinga. Du har og ansvar for oppfølging, ivaretaking og rettleiing av dei tilsette på avdelinga.

• Personalansvar for dei tilsette i avdelinga
• Fagansvar med fokus på kvalitet på tenesta
• HMS ansvar
• Økonomiansvar innafor gjeldande ramme
• Delta i strategisk arbeid og utvikling i avdelinga og tenesta
• Fremje bruk av velferdsteknologi og digitalisering for både tilsette og brukar
• Leggje til rette for godt samarbeid med andre tenesteområde og sektorer, pårørande og andre samarbeidspartar

Kompetansekrav

• Offentlig godkjent sjukepleier
• Leiarerfaring frå offentleg sektor eller anna relevant verksemd

I tillegg ønskjer vi at du har:

• Vidareutdanning innan organisasjon/leiing
• Erfaring med turnusarbeid
• God økonomiforståing

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein avdelingsleiar som har gode kommunikasjonsevner og som har evne til tydeleg formidling både skriftleg og munnleg. Du er strukturert, har stor arbeidskapasitet og trivst i ein travel og tidvis uforutsigbar arbeidskvardag. Du er ein god relasjonsbyggar og legg tilrette for eit godt samarbeidsklima internt på avdelinga, men og med eksterne samarbeidspartnare.

Vi tilbyr

Pensjonsordning i KLP
Ein spanande jobb i ein relativt ny orgnaisasjon
Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen “send søknad”. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.

 

Søk på stillingen her.

Referansenummer: Radøy Velferdssenter

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 13.08.2023

 

Tiltreding: etter avtale

Arbeidsstad: Manger

 

Kontaktpersonar:

Christina Fosse

tlf: +47 56 37 57 04  mob: +47 409 10 884

 

Heimeside:
www.alver.kommune.no
Adresse: Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Alver kommune, sjukeheimstenesta

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.

 

Del stillingen

Selskap

Alver kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Christina Fosse
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 56375704 mob: +47 40910884

Lokasjon

  • Isdalstø
  • Manger

Søknadsfrist

September 24, 2024