Avdelingsleiar
Bømlo vaksenopplæring har ledig stilling som avdelingsleiar. Stillinga er i utgangspunktet ca. 60% administrativ og 40% undervisning, men dette kan variere. Avdelingsleiar har saman med rektor ved opplæringssenteret det overordna ansvaret for lærings- og kvalifiseringsarbeidet. Deltakarane si læring og kvalifisering skal stå i fokus og avdelingsleiar skal vere med å leie personalet slik at vaksenopplæringa og kommunen sine intensjonar blir oppfylte.
Bømlo vaksenopplæring (BVO) har ansvaret for organisering av introduksjonsprogrammet for busette flyktningar og opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. BVO gjev også tilbod om grunnskuleopplæring for vaksne og realkompetansevurdering. I samarbeid med næringslivet tilbyr BVO ulike kurs innan norskopplæring og andre kompetansekurs. BVO har eigne lokaler i Svortland sentrum.
Bømlo vaksenopplæring har for tida ca 200 deltakarar fordelt på dag- og kveldsundervisning. Av desse er omlag 100 tilknytt introduksjonsprogrammet.
- Søknadsfrist: 02.05.2023
- Arbeidsgivar: Bømlo kommune
- Stad: Bremnes
- Stillingstittel: Avdelingsleiar
- Stillingar: 1
- Heiltid / Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent:100
- Webcruiter-ID: 4635967983
- Startdato: 01.08.2023
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk utviklingsarbeid og oppfylging av kvalifiserings- og læringsarbeid
- Undervisning i fortrinnsvis realfag og norsk som andrespråk
- Følgje opp deltakarsaker og sosialpedagogiske saker
- Fellesadministrative oppgåver
- Administrative oppgåver med personalansvar
- Karriererettleiing for vaksne
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse og undervisningserfaring, fortrinnsvis frå ungdomstrinnet og vaksenopplæring
- God kjennskap til lov- og avtaleverk, spesielt innan integrering og opplæring gjeldande for vaksenopplæringa
- Erfaring med og evne til å leie endringsprosessar
- Erfaring med personaladministrative oppgåver
- Skuleleiarerfaring/leiarutdanning er ynskjeleg
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du har eit sterkt engasjement for å utvikle godt læringsmiljø og gode kvalifiseringsløp for deltakarane
- Du står fram som tydeleg, løysningsorientert, inkluderande og lyttande
- Du har gode evner til kommunikasjon og samarbeid, tar ansvar og delegerer
- Du har visjonar for vaksenopplæringa si utvikling, er fagleg oppdatert og kreativ
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i kommunal velferdsklubb
Anna informasjon
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Etter opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav til godkjend politiattest før tiltreding i stillinga
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Kari Friis Sortland.
Adresse:Svortlandsvegen 17, 5430 Bremnes, Norge
Kontaktinformasjon
Kari Friis Sortland
Rektor Bømlo vaksenopplæring
Telefon:918 62 710
E-post:kari.friis@bomlo.kommune.no
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Gruppearbeid