Avdelingsleiar byggfag
LAK – LAKSEVÅG OG BERGEN MARITIME VGS, Vestland fylkeskommune
Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule har god yreksfagleg breidde og sterke og framtidsrette fagmikjø. Skulen arbeider aktivt med å styrke det omfattande samarbeidet med næringslivet og det høge talet på elevar som får læreplass er eit resultat av dette tette og gode samarbeidet.
Skulen har om lag 430 elevar og 70 tilsette, fordelt på dei 4 utdanningsprogramma Elektro og datateknologi, Elektro og datateknologi med spesiell studiekompetanse, Bygg- og anleggsteknikk og Teknologi- og industrifag.
Skulen ligg sentralt plassert, med hovudbygget i Bergen sentrum og med Byggavdelinga på Laksevåg.
Søknadsfrist: 16.01.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Avdelingsleiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4596354434
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar får du ansvar for drift og utvikling av Byggavdelinga. Dette omfattar personalansvar, medarbeidarutvikling og elev- og lærlingoppfølging.
Du får ansvar for planlegging og gjennomføring av pedagogisk utviklingsarbeid for avdelinga og for skulen i samarbeid med leiinga.
Du får ansvar for å følgje opp og utvikle samarbeidet med næringslivet.
Du vert ein del av skulen si leiargruppe. Leiargruppa arbeidar saman med dei tilsette for å utvikle skulen i tråd med vedtekne målsettingar og satsingsområde. I tillegg kjem utøving av skuleadministrative fellesoppgåver.
Det vil kunne bli lagt undervisning til stillinga og ansvarsområdet kan bli endra.
Kvalifikasjonar
Relevant yrkesutdanning eller høgare fagutdanning frå høgskule eller universitet
Praktisk pedagogisk utdanning
Undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr
Undervisningserfaring, gjerne frå vidaregåande skule
Relevant arbeidserfaring og gjerne leiarerfaring
Digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
Tydeleg, open og inkluderande
Strukturert og ansvarsbevisst
Utviklingsorientert og med god gjennomføringsevne
Evne og vilje til veileiding av elevar og tilsette
Personlege eigenskapar vert vektlagde i tilsettingsprosessen
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Tove Føsund, rektor
410 45 247
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.