Avdelingsleiar Ostereidet heimeteneste (søknadsfrist 18.10)

Samfunnsutvikling

Heimeteneste

Er du vår nye avdelingsleiar i heimetenesta?

 

Kort om stillinga

Vi har ledig stilling som avdelingsleiar ved Ostereidet heimeteneste. Stillinga er ledig frå 01.01.2022.

Om Ostereidet heimeteneste

Heimetenesta i Alver består av 7 avdelingar – Manger, Lindås, Alversund/Seim, Knarvik Nord/Aust, Knarvik Sør/Vest, Frekhaug og Ostereidet. I tillegg er Dagsentre for heimebuande organisert under heimetenesta.

Ostereidet heimeteneste er lokalisert på Ostereidet med base på Ostertun. Avdelinga gjev tenester til bebuarar i heildøgnbemanna omsorgbustadar (28 leilegheiter/Ostertun), og til heimebuande i området. Ostertunet sin filosofi er «Eit levande bygg» med fokus på gode tenester, aktivitet og mogelegheit for å vere sosial.

Kompetansen i avdelinga består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, ergoterapeut og assistentar. Avdelinga har årsturnus og fokus på heiltidskultur. Avdelingsleiarande og tenesteleiar er heimetenesta sitt leiarteam som jobbar tett saman for å gje gode tenester til brukarane.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar i heimetenesta har heilskapleg ansvar i avdelinga

Personalansvar for dei tilsette i avdelinga
Fagansvar med fokus på kvalitet på tenesta
HMS-ansvar
Økonomiansvar innafor gjeldande ramme
Delta i strategisk arbeid og utvikling i avdelinga og tenesta
Fremme bruk av velferdsteknologi og digitalisering for både tilsette og brukar
Samarbeid på tvers av avdelingane i heimetenesta og andre tenesteområde

Kompetanse

Krav til kompetanse

Relevant høgare utdanning innan helse og sosialfaget på universitet/høgskulenivå
Leiarerfaring frå offentleg sektor eller anna relevant verksemd

Ønskt kompetanse

Vidareutdanning innan organisasjon/leiing
Erfaring med turnusarbeid
God økonomiforståing
God kommunikasjonsevne og formidlingsevne
Vi ser etter deg som kan vere eit førebilete og motivator. Du har vilje og evne til å leie og utvikle avdelinga og tenesta i samarbeid med personalet og leiinga, og i tråd med overordna planar. Du har evne til å prioritere ein travel kvardag og er fleksibel.

Vi tilbyr

Eit fagleg godt arbeidsmiljø både i avdelinga og i leiarteamet

Vi er ei teneste med fokus på kvalitet, gode tenster og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss er det «høgt under taket» og lav terskel for å spre humor og glede i arbeidskvardagen.

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen «send søknad». Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Referansenummer: Ostereidet HT

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

 

Søknadsfrist: 18.10.2021

 

Tiltreding: 01.01.2022

Arbeidsstad: Ostereidet heimeteneste

 

Kontaktpersonar:

Benthe Helland

mob: +47 47460993

 

Heimeside:
www.alver.kommune.no

Heimeteneste

«Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vera stolt av».
Som medarbeidar hjå oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vera med å utvikla tenestene til beste for brukarane. Eininga har avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik sørvest, Knarvik nordaust, Lindås, Alversund /Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til Dagsenteravdeling. Avdelingane samarbeider tett.

 

Del stillingen

Selskap

Alver kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Benthe Helland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 474 60 993

Lokasjon

  • Isdalstø

Søknadsfrist

April 18, 2021