Avdelingsleiar Samnanger barneskule

 

 

Ønskjer du å vidareutvikla Samnanger barneskule til å vera ein god stad å vera og ein god stad å læra?

Då søkjer du på 100% fast stilling som avdelingsleiar for 1.-4. trinn ved Samnanger barneskule i dag!

Samnanger barneskule er ein barneskule med 217 elevar i dag. Leiinga på skulen er rektor, avdelingsleiar 5.-7. trinn, avdelingsleiar 1.-4. trinn og leiar for SFO. I tillegg har me ein konsulent som tar seg av mange av dei administrative oppgåvene. Skulen har, i ulike stillingsprosentar, 21 dyktige lærarar og 10 dyktige assistentar/fagarbeidarar.

Skulen har stort fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats, kjerneverdiar som inkluderande fellesskap og godt samarbeid. Me har arbeidd oss fram til fem kjerneverdiar som me ønskjer skal prega kvardagen vår. Det er ein Vi-skule der alle tilsette har eit ansvar for alle elevane våre. Me er leksebevisste, samarbeider og arbeider for eit inkluderande fellesskap på skulen. Me legg òg vekt på verdien livsmeistring for elevane. Me er ein skule i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin. Alle elevane har pc eller croombook som dei nyttar på skulen. AV-tavler i alle klasserom gjev store moglegheiter til variasjon i undervisninga og gjev god bildestøtte til læringa. Me har siste året prøvd ut auka bruk av digitale læremiddel. Me har eit stort og innhaldsrikt bibliotek som me ønskjer skal vera eit hjarta i skulen vår.

Samnanger barneskule har inne ein søknad om midlar til ei desentralisert kompetanseutvikling (DEKOMP) ved skule. Temaet me har valt er: Inkluderande læringsmiljø, med vekt på verdiar. Dette er ei tydeleg målsetjing i LK20 overordna del, og er viktig å jobba med i eit personale for at alle skal dra i same retning. Samnanger kommune ønskjer å leggja vekt på «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis». Me ønskjer å satsa på inkluderande læringsmiljø gjennom elevsyn/verdisyn og haldningar i vaksenrolla.

 

Arbeidsoppgåver

  • har saman med rektor det faglege, pedagogiske og administrative ansvaret på skulen
  • har saman med rektor ansvar for personalforvaltning
  • i samarbeid med den andre avdelingsleiaren syta før den daglege vikarbruken
  • skal saman med rektor leia opplæringa i skulen, jf. OPL § 9-1
  • skal ha god kunnskap om den daglege verksemda og arbeida for å vidareutvikla eininga
  • skal sikra at kommunen utøver opplæringa i tråd med opplæringslova med forskrifter, føresegn, avtaler, vedtekne retningsline og planar, også kommunale
  • skal samordne ressursutnyttinga i eininga og bidra til ei heilskapleg og inkluderande opplæring til beste for elevane

Kvalifikasjonar

  • må ha godkjent pedagogisk lærarutdanning
  • må ha undervisningskompetanse for 1.-4. trinn
  • leiarutdanning og leiarerfaring er ein føremon
  • må ha ynskje om å ta vidareutdanning i leiing om du ikkje har det
  • må beherska norsk godt, både munnleg og skriftleg (nynorsk)
  • er visjonær, målretta og ein synleg leiar som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
  • har ein leiarstil som er prega av involvering, tydeleg kommunikasjon og samarbeid
  • arbeidet er prega av struktur og heilskap, og leiaren skal opplevast som handlekraftig og fatta gode avgjerder
  • god IKT-kompetanse og systemforståing med t.d. timeplanarbeid. (Skulen nyttar Visma Flyt Skole og Visma Timeplan)
  • solid forankring til arbeidet i klasserommet, er oppdatert fagleg og har ein stor metodisk verktøykasse

 

Personlege eigenskapar

  • har god pedagogisk forståing og er oppteken av skuleutvikling
  • er strukturert, held oversikt og ser gode og effektive løysingar
  • likar å leia og dela med andre
  • er god på samarbeid, relasjonsbygging og kommuniserer godt med skulen sine tilsette, elevar og føresette
  • har god formidlings- og gjennomføringsevne.
  • er oppteken av elevane si læring gjennom motivasjon, meistring og utvikling
  • er sjølvstendig, fleksibel og omstillingsdyktig
  • trivst med høgt tempo, og har evne til å prioritera i ein hektisk kvardag
  • er trygg vaksen med godt humør og pågangsmot

 

Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i SPK si pensjonsordning. SPK tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

Søk her

  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Fast
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 12.03.2023
  • Tiltreding: 01.08.2023
  • Arbeidsstad: Samnanger

 

Kontaktpersonar:

Eli Kristin Berge

mob: +47 907 40 850

 

Heimeside: /www.samnanger.kommune.no/innhald/skule-og-utdanning/skulane-vare/
Adresse: Nesjavegen 17 5650 Tysse

 

Samnanger kommune

Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger og er ei naturperle som inviterer deg til inspirasjon både på fjorden og i fjellet. Med
våre 2 503 innbyggjarar har me èin barneskule, èin ungdomsskule, to kommunale barnehagar og èin privat. Samnanger har òg ny sjukeheim, nytt senter for funksjonshemma og nytt bibliotek. Kommunehuset i Samnanger ligg mellom 20 og 50 minuttar frå sentrum i kommunane Bergen, Bjørnafjorden, Vaksdal, Osterøy, Kvam og Alver.

 

Del stillingen

Selskap

Samnanger kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Ove Sæbø
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 922 25 562

Lokasjon

  • Tysse

Søknadsfrist

Oktober 2, 2022