Barnevernskonsulent (søknadsfrist 03.05)
Barnevernkonsulent Ålesund og Fjord barnevernteneste
Barneverntenesten søkjer etter nye engasjerte og framoverlente barnevernkonsulentar til avdelingskontor Nordre, lokalisert i Brattvåg sentrum. Vi har ledig både faste stillinger og vikariat. Avdelingskontoret tilbyr for tida barneverntenester til Fjord kommune i tillegg til dei tidlegare kommunane Haram, Skodje og Ørskog.
Arbeidsoppgåver
Barnevernkonsulentar har saksbehandlingsansvar etter Lov om barneverntenester, og arbeider i samsvar med reglane for offentleg forvaltning. Barnevernkonsulentane skal følge opp familiane med råd og rettleiing i utfordrande livssituasjonar, og samarbeider med .
Som barnevernkonsulent har du kontaktpersonansvar for barn og unge som har behov for barneverntenester, og for barnet sine føresette. Du har ansvar for at barnet får rett hjelp til rett tid. Dette inneber å undersøke barn sine omsorgsbehov og føresette sin omsorgskapasitet, setje iverk tiltak, evaluere og gjere endringar slik at tiltaket til ei kvar tid er best mogleg for barnet. Dette omfattar mykje samhandling med andre som er viktige for barnet. Som barnevernkonsulent må du ta faglege, etiske og juridiske vurderingar, du må ha mot til setje barnets interesser fremst. Vi nyttar Visma sitt fagsystem for barnevernet, Familia, som saksbehandlingssystem.
Kvalifikasjonar
Bachelor i barnevernpedagogikk eller sosionom.
Relevant vidareutdanning.
Rettleiingskompetanse.
Erfaring frå barnevernteneste.
Kunnskap om offentleg forvaltning.
Norsk skriftelg og munnleg framstillingsevne.
Arbeid utover normal arbeidstid kan bli kravd i periodar.
Førarkort klasse B. Barneverntenesta har tenestebilar, men tilsette må kunne disponere eigen bil.
Gyldig politiattest vert krevd ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Alltid sette barnet i sentrum.
God relasjonskompetanse.
Strukturert og handlekraftig.
Utviklingsorientert og lærevillig.
Sjølvstendig og trygg på eigen kompetanse.
Trives med å arbeide i prosessar saman med barn/unge og deira familiar.
Trives med å løyse utfordringar heilskapleg og fleirfagleg, der det trengs.
Mot til å ivareta barnet sine behov.
Evne til å tole pressa situasjonar og kjenslemessige utfordringar.
Ha god sjølvinnsikt Det vert lagt vekt på at den som vert tilsett skal vere særleg egna og at personen skal komplementere teamet.
Vi tilbyr
Stilling i ei teneste i utvikling, der det krevst sjølvinnsikt, respekt for medmenneske og handlekraft.
Gode kollegaer i eit arbeidsmiljø der barn blir møtt med “åpenhet, ydmykhet, medbestemmelse og kjærlighet”.
Systematisk rettleiing.
Inkluderande arbeidslivsverksemd.
Nye, flotte arbeidslokale.
Parkering i parkeringshus.
Løn etter krav om 3-årig høgskule, med tillegg for relevant utdanning.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Gode muligheter for vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen.
Søknadsfrist: 03.05.2020
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Stad: Brattvåg
Tittel: Barnevernkonsulent
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4205007745
Startdato: 01.04.2020
Arbeidsstad Brattvåg tenestehus, 6270 Brattvåg
Kontaktinformasjon
Ann Katrin Soleng Stephansen, Avdelingsleiar
975 91 785
[email protected]
Lene Solheim, Verksemdsleiar
919 11 966
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.