Bibliotekleiar
Oppvekst og kulturetaten, Kulturavdelinga
Vil du bli vår nye bibliotekleiar?
Vi søkjer deg som aktivt vil bidra til å vidareutvikle Ulstein bibliotek. Vi søkjer ein leiar med hjarte for biblioteket som ein inkluderande møteplass, ein arena for læring, nettverksbygging og kulturelle opplevingar.
Søknadsfrist: 20.02.2023
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten
Stad: Ulsteinvik
Stillingstittel: Bibliotekleiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4607578249
Arbeidsoppgåver
Fagleg og administrativ leiar for Ulstein bibliotek
Budsjett-, økonomi- og personaloppgåver
Vidareutvikle biblioteket i tråd med samfunnet og brukarane sine behov
Samarbeid med lokale lag og organisasjonar, skular og barnehagar
Utvikling av biblioteket og skape gode brukaropplevingar
Formidling og publikumsarbeid
Kvalifikasjonar
Godkjent bibliotekfagleg utdanning
Relevant erfaring frå bibliotek, helst folkebibliotek
Gode digitale ferdigheiter
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
God på samarbeid/kommunikasjon
Serviceinnstilling med brukarfokus
Målretta, tydeleg og strukturert
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
Jobb i ein attraktiv og utviklingsorientert kommune
Løn etter avtale/kvalifikasjonar
Pensjonsordning i KLP
Ulstein Arena, 6065 Ulsteinvik, Norge
Kontaktinformasjon
Leif Per Ringstad, Kultursjef
473 01 332
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.