Bibliotekssjef (søknadsfrist 01.03)
Biblioteksjef ved Vang folkebibliotek
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som biblioteksjef frå 01.08.20.
Vang folkebibliotek held til på Vangstunet i Vang sentrum, i lyse og flotte lokalar. Folkebiblioteket er ei avdeling i etat for oppvekst, kultur og integrering og har ca. 1,45 årsverk.
Biblioteket ynskjer å ha ei aktiv samfunnsrolle, og driv brei formidlingsaktivitet. Me har godt samarbeid med ulike institusjonar, frivillige organisasjonar og har eit regionalt samarbeid med biblioteka i Valdres. Me søkjer ein biblioteksjef som kan utvikla biblioteket i tråd med samfunnet og brukarane sine behov. Du må vera interessert i nytenking når det gjeld litteratur- og kulturformidling, og biblioteket som møteplass og kunnskapsarena. Det er ynskjeleg at vår nye biblioteksjef tek ei aktiv formidlingsrolle, og har ei sterk interesse for barne- og ungdomslitteratur. Biblioteksjefen vil samarbeide tett med dagleg leiar av Vang frivilligsentral og skulebibliotekaren på Vang barne- og ungdomsskule. Arbeidstid i arbeidsplan som omfattar kveldsvakter og laurdagsvakter. Ein må også rekna med noko arbeid på kveld i samband med arrangement.
Biblioteksjefen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga og rapporterer direkte til etatsjef for oppvekst, kultur og integrering.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift av biblioteket
- Arrangement og marknadsføring
- Personal- og budsjettansvar
- Fagleg utvikling og prosjektleiing
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap
- Ynskjeleg med leiarkompetanse og leiarerfaring, men ingen føresetnad
- Gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- er kreativ og utettervend
- er ein tydeleg leiar som er utviklings- og prosessorientert
- er ein relasjonsbyggar
- er sjølvstendig og løysingsorientert
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- har evne til og interesse for tverrfagleg samarbeid
- er strukturert og endringsvillig
- Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Me tilbyr
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
- Deltaking i eit veletablert og dyktig leiarteam i etaten
- Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt reglement
- Kommunen har personalbustadar for leige
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Søknadsfrist: 01.03.2020
Arbeidsgjevar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Tittel: Biblioteksjef ved Vang folkebibliotek
Heiltid / Deltid: Heiltid Tilsettingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4189430090
Stillingar: 1
Arbeidsstad Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
Kontaktinformasjon
Tommy-René Stordal, Etatsjef Oppvekst, kultur og integrering
61 36 94 20 tomsto@vang.kommune.no
Solveig Rønneberg, Etatsrådgjevar
61 36 94 21 solveig.ronneberg@vang.kommune.no
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tilleg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarvheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og alle den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte. Det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.