Organist 60%

 

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd

Organist i Os sokn.

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som organist i Os sokn. Stillinga er ein fast, 60%- stilling.

Bjørnafjorden er ein kommune sør for Bergen med om lag 25.000 innbyggjarar. Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd er delt inn i to sokn, Fusa og Os. Tilsette i fellesrådet og prestar knytt til sokna utgjer to engasjerte og kompetente stabar på til saman rundt 30 tilsette.
Som tilsett vil du få ansvar og fridom til å utvikle kyrkjelyden sitt musikalske arbeid i samråd med kantor og øvrig stab. Vi har stor tru på musikken si evne til å byggje bru, skape samhald og opplevingar som knyter kyrkjelyden saman. Du vil òg arbeide saman med kateket, barne- og familiearbeidar, prestar, ungdomsarbeidar, diakon og dei andre tilsette på kyrkjekontoret i Os.
Os sokn har to kyrkjer, Os kyrkje og Nore Neset kyrkje, med til saman om lag 6 gudstenester i månaden. Os kyrkjelyd har eit rikt musikkliv som bidreg til ulike musikkuttrykk i både gudstenester og andre aktivitetar.

Velkommen til å vere med å bygge kyrkjelyd i Os, i eit kreativt, stimulerande fellesskap! 
Eit godt arbeidsmiljø er ope for mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. 

Søknadsfrist: 23.11.2022
Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Sted: Kleive
Stillingstittel: Organist 60%
Stillinger: 1
Heltid / Deltid: Deltid
Ansettelsesform: Fast
Stillingsprosent: 60
Webcruiter-ID: 4579182975

Arbeidsoppgaver

Førebuing og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar etter tenesteplan.
Medverke i skule-, kyrkje- og institusjonsarbeid
Medverke i musikkretta tiltak, særlig knytt til trusopplæring og kyrkjelydsbyggjande arbeid.
Planlegge og gjennomføre konserter og andre arrangement i samarbeid med kollegaer og soknerådet.

Kvalifikasjoner

Kirkemusikalsk utdanning eller annen relevant musikkutdanning
Erfaring og kompetanse i orgelspel
Erfaring frå korarbeid og samarbeid med andre musikarar er ein fordel
Kjennskap til og erfaring med ulike musikksjangrar er ein fordel
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner

Personlige egenskaper

Sjølvstendig og strukturert
Gode samarbeidsevner
Inspirerande, engasjert og kreativ

Annet:

Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja
Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram ved tilsetting
Den som vert tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg godt.
Det vil bli lagt opp til prøvespel i samband med intervju til stillinga
Søkar må kunne disponere eigen bil i tenesta
Personleg eignaheit vil tilleggast stor vekt

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med dedikerte kollegaer
Ein stor og aktiv kyrkjelyd med rom for nye prosjekt og eigenutvikling
Pensjonsordning gjennom KLP
Løns- og arbeidsvilkår etter KA sitt avtaleverk

 

Søk på stillingen her.

 

Osvegen 209, 6453 Kleive, Norge

Kontaktinformasjon

Sigurd Rotvik Tunestveit, Dagleg leiar Os sokn
938 69 109

Kristine Fjeld, kyrkjeverje
414 26 859

 

Del stillingen

Selskap

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Sigurd Rotvik Tunestveit
  • Tittel: Dagleg leiar Os sokn
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 938 69 109
  • Kristine Fjeld
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 414 26 859

Lokasjon

  • Os

Søknadsfrist

November 23, 2022