Vikariat som fagleiar ved Bremanger sjukeheim

Er du den vi ser etter?

Vi ser etter ein sjølvstendig og serviceinnstilt medarbeidar som kommuniserer og samarbeider godt.

Bremanger sjukeheim har ledig vikariat som fagleiar i 100 % stilling i perioden 01.07.21 til 01.07.22, med moglegheit for fast tilsetjing. Dette er ei dagarbeidsstilling med 37.5 timar arbeidsveke.

Kvardagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og ein har og eit lindrande rom. Fagleiaren har tett samarbeid med driftssjef og andre tilsette i kommunen. Fagleiar har det daglege faglege ansvaret for drifta ved Bremanger sjukeheim, der ein skal støtte og hjelpe dei tilsette i kvardagen slik at vi kan yte gode tenester til brukarane og pårørande

Vi søkjer etter person med/som:

• Bachelor eller anna relevant høgskuleutdanning innan helse
• Erfaring frå administrasjon og leiing.
• Relevant vidareutdanning eller erfaring frå likande arbeid
• Gode kommunikasjon – og samhandlingsevner
• Løysingsorientert lagspelar og kan arbeide under press
• Kan motivere og inspirere medarbeidarar
• Gode datakunnskapar
• Kan arbeide sjølvstendig, like utfordringar og ha stor arbeidskapasitet
• Er ryddig, serviceinnstilt og fleksibel

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Vi tilbyr

• Løn etter avtale
• God pensjonsordning og heildøgns forsikring
• Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Gode norskkunnskapar vert vektlagt.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg arbeidsmiljø ilag med mange gode medarbeidarar!

 

Søknadsfrist: 04.07.2021

 

Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Stad: Kalvåg
Stillingstittel: Vikariat som fagleiar ved Bremanger sjukeheim
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4404764352
Startdato: 01.07.2021
Sluttdato: 01.07.2022
Gamlevegen 59, 6729 Kalvåg, Norge

 

Kontaktinformasjon

Evy Janne Berle Fjellestad, Driftssjef
959 82 944

 

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.600 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

——————————————————————————————————–

 

 

100% fast stilling som sjukepleiar i Bremanger kommune, for tida ved Bremanger sjukeheim

Er du sjukepleiar, og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver?

I Bremanger kommune, for tida på Bremanger sjukeheim – er det ledig 100% fast sjukepleiarstilling, stillinga er ledig frå snarast.

Kvardagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og ein har og eit lindrande rom.

Vi arbeider i for tida 3-delt årsturnus, her har medarbeidarane anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si.

Arbeidsoppgåver

• Sjukepleiefaglege oppgåve hos pasientane
• Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjelder alder og medisinske behov
• Heilskaplig omsorg for eldre menneskjer
• Ivareta pasientane sine individuelle behov
• Muligheit for å delta i ressursgruppe
• Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m.

Kvalifikasjonar

• Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Nyutdanna oppfordrast til å søkje, og opplæring vil bli gjeve
• Må ha førarkort for personbil (B).
• Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Serviceinnstilling og personleg egnaheit vektleggast

Vi tilbyr

• Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
• utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
• God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
• Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

 

Søknadsfrist: 27.06.2021

 

Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Stad: Kalvåg
Stillingstittel: Sjukepleiar Bremanger sjukeheim
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4192782592
Gamlevegen 59, 6729 Kalvåg, Norge

 

Kontaktinformasjon

Evy Janne Berle Fjellestad, Driftssjef
959 82 944

 

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.600 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

 

Del stillingen

Selskap

Bremanger kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Bremanger

Søknadsfrist

Juli 4, 2021