Byggdriftar eigedom (søknadsfrist 31.07)

 

 

Byggdriftar

 

Har du interesse og erfaring frå drift og vedlikehald av bygg? Har du servicevilje og innsikt i bygningsmessige utfordringar og tekniske anlegg? Då kan du vere den rette personen til stillinga som byggdriftar i Eigedomsavdelinga.

Eigedomsavdelinga er eigedomsforvaltar for Herøy kommune og ansvarleg for
forvaltning, drift, vedlikehald og vidare utvikling av omlag 61 000 m2 BTA bygningsmasse, fordelt på omlag 46 000 m2 formålsbygg og 15 000 m2 utleigebustadar.

Seksjon Byggdrift har sju tilsette som tek av seg dagleg drift av kommunens bygningsmasse, herunder internkontroll og oppfølging av innmeldte avvik.

Arbeidsoppgåver

Internkontroll av bygg og tilhøyrande tekniske system.
Utbetring av bygningsmessige avvik.
Som byggdriftar er du underlagt seksjonsleiar byggdrift og rapporterer direkte til denne.

Vi nyttar FamacWeb som styringsverktøy.

Kvalifikasjonar

Formell utdanning og/eller erfaring frå tømrar/snikkarfaget, elektrikarfaget eller VVS (varme, ventilasjon, sanitær)
God innsikt og forståing for tekniske installasjonar i bygg.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B. Førerkort klasse BE er ein fordel.
Du må difor vere trygg i bruken av nettbrett og telefon som arbeidsverktøy i det daglege arbeid.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Personlege eigenskapar

Serviceinnstilt
Godt humør
Engasjert i jobben
Evne til å jobbe strukturert i ein hektisk kvardag
Jobbe både sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein jobb som betyr mykje for mange
Moglegheit til både fagleg og personleg vidareutvikling.
Løn etter avtale, lov og reglement
Pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring
Godtgjersle for bruk av eigen bil i tenesta i tillegg til kilometergodtgjersle etter statlege satsar.
Herøy kommune er IA-bedrift.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål skal levarast på førespurnad.

Søkjarlista kan verte offentleggjort. Tilsetjing på dei vilkår som går fram gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

 

Søknadsfrist: 31.07.2020

 

Arbeidsgivar: Herøy kommune
Stad: Fosnavåg
Stillingstittel: Byggdriftar
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID: 4258425020
Stillingar: 1
Startdato: 17.08.2020
Arbeidsstad Igesundvegen 24-26, 6090 Fosnavåg

Kontaktinformasjon

Edvin Eri Pettersen, Seksjonsleiar byggdrift
469 39 601
edvin.pettersen@heroy.kommune.no

Robert Myklebust
Avdelingsleiar
99095251
robert.myklebust@heroy.kommune.no

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

Del stillingen

Selskap

Herøy kommune

Lenke til firma

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Fosnavåg

Søknadsfrist

Juli 31, 2020