DAL – DALE VGS, Vestland fylkeskommune

Undervisningsstillingar

Dale vidaregåande skule ligg i Dale i Sunnfjord som er kommunesenteret i Fjaler kommune. Skulen tilbyr Studiespesialiserande, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Teknologi- og industrifag, Industriteknologi og Påbygging. Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Det er i dag 170 elevar og ca. 40 tilsette ved skulen. Visjonen vår er «Vilje til visdom og vennskap». Heimeside: www.dale.vgs.no

LEDIGE UNDERVISNINGSSTILLINGAR FRÅ 01.08.2024 (inntil 170%)

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 18.05.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Dale i Sunnfjord
Stillingstittel: Undervisningsstilling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4809476514
Startdato: 01.08.2024

Arbeidsoppgåver

Dale vgs søkjer lærarar til følgjande fag:

  • Rettslære, matematikk (ulike nivå), fysikk og sosiologi/sosialkunnskap/samfunnskunnskap’
  • Undervisning på Studiespesialiserande (matematikk ev. også på yrkesfag). Kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillingane.
  • Dette inneber opplæring for elevar på vg1- vg3 med tett oppfølging, rettleiing og vurdering av elevarbeid. Lærar utarbeider digitale arbeidsplanar og bruker Visma in School, Teams og OneNote.

Kvalifikasjonar

  • For å ha undervisningskompetanse til å undervise på vidaregåande må ein ha 60 studiepoeng i faget.
  • Dette er eit minimum og for realfaga ser vi etter nokon som gjerne har ein mastergrad i matematikk/fysikk.
  • Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dersom dette manglar, må ein vere motivert for å ta det.
  • Ønskjeleg med god digital kompetanse.
  • Praksis frå undervisning på vidaregåande skule er ein fordel, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein engasjert og fagleg dyktig lærar som er strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst.
  • Du må like å arbeide med ungdom og ha evne til å motivere og engasjere elevar til gode læringsøkter.
  • Du må vere utviklingsorientert, ha gode samarbeidsevner og vere interessert i å byggje gode relasjonar.
  • Du jobbar i tråd med skulen og fylkeskommunen sine mål og strategiar.

Vi tilbyr

  • eit inkluderande og spennande arbeidsmiljø
  • stimulerande fagfellesskap med kollegaer
  • faglege utviklingsmoglegheiter
  • løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis
  • gode fylkeskommunale pensjons- og forsikringsordningar

Andre opplysningar:

  • Søkjarlista er offentleg.
  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • Nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Krav om politiattest av nyare dato.
  • Atterhald om overtalige frå andre vidaregåande skular som kan ha fortrinnsrett til stillingane.

 

Søk på stillingane her.

 

Adresse: Jarstadvegen 28, 6963 Dale i Sunnfjord

Kontaktinformasjon

Gro Fivelsdal, rektor
Telefon:  901 49 611

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Gro Fivelsdal
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 901 49 611

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

Mai 18, 2024