Driftsleiar bygg

 

 

 

Eigedomsavdelinga har ansvar for drift, vedlikehald og reinhald av kommunale bygningar. Eininga har ca 25 årsverk, av desse er seks årsverk knytt til driftsoperatør-/vaktmeisterteneste.
Vi har ledig 100% fast stilling som driftsansvarleg for bygg frå 01.01.2024.

 

  • Søknadsfrist: 11.10.2023
  • Arbeidsgivar: Gloppen kommune
  • Stillingstittel: Driftsleiar bygg
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4708852709
  • Startdato: 01.01.2024

 

Arbeidsoppgåver

Du vil bli tilsett i eigedomsavdelinga med ansvar for bygg i heile kommunen.

  • Ta del i overordna planlegging, organisering og utvikling av byggdriftarfaget i kommunen
  • Koordinere vakmeisterane for drift og vedlikehald av alle kommunale bygg
  • Lage arbeidsplaner oppimot den økonomiske ramma som til ein kvar tid er gjeldande.
  • Utarbeide vedlikehaldsplaner
  • Kontaktperson for drift av bygga (leiarar og andre tilsette)
  • Styre mindre byggeprosjekt
  • Ansvar for internkontrollarbeidet samt FDV dokumentasjon
  • Skape trivsel i gruppa og gi alle driftsoperatørane spennande og forutsigbare arbeidsdagar

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller fagskule/høgskuleutdanning innan relevant fagområde
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Gode datakunnskap for å kunne betjene SD-anlegg mm
  • Førarkort for personbil

 

Personlege eigenskapar

  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. I tillegg vil vi legge stor vekt på at du er positiv, servicevennleg, samarbeider godt med andre og er stolt over jobben din.
  • Du må vere motivert for ein utfordrande og spennande jobb.
  • Du må kunne kommunisere godt og forstå norsk.
  • Den som vert tilsett må vere villig til fagleg utvikling, og vere med på å utvikle eigedomsavdelinga i kommunen.

 

Vi tilbyr

  • Varierte oppgåver, kjekke kollegaer og eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Bil i tenesta
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

 

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Odd Arne Kolseth
Tenesteleiar eigedomsavdelinga
 Telefon:995 60 228

 

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har god barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.

Del stillingen

Selskap

Gloppen kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Synnøve Marie Hestenes
  • Tittel: Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 930 18 186
  • Steffen Andersen
  • Tittel: Avdelingsleiar Miljøarbeidertenesta
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 909 69 721

Lokasjon

  • Sandane

Søknadsfrist

Oktober 11, 2023