Driftsoperatør Førde vidaregåande skule (søknadsfrist 30.04.2023)

 

Driftsoperatør Førde vidaregåande skule

 

Vestland fylkeskommune(VLFK) har ansvar for å utvikle Vestlandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 380 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.

Det er ledig ny fast 100 % stilling som driftsleiar ved Førde vidaregåande skule. Driftsleiar vil rapportere til områdeleiar. Den som vert tilsett får opplæring i drift og vedlikehald av dei tekniske anlegga ved Førde vidaregåande skule.

 

 

  • Søknadsfrist: 30.04.2023
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stad: Førde 
  • Stillingstittel: Driftsoperatør
  • Stillingar: 1
  • Heiltid / Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4648086777

 

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg.
  • Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
  • Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen.
  • Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga.
  • Andre oppgåver knytt til drifta.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis som røyrleggjar, elektrikar, mekanikar, automatikar eller anna relevant erfaring innan bygningsdrift.
  • Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg.
  • Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø.
  • Praktisk yrkeserfaring.

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen.
  • God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy.

Vi tilbyr

  • Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for faglig utvikling
  • Gode pensjonsordningar.
  • Løn etter avtale

 

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste

 

Adresse:Naustdalsvegen 12, 6800 Førde, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Nils Endre Grønås
seksjonssjef
 Telefon:98210310

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Nils Endre Grønås
  • Tittel: Seksjonssjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 982 10 310

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

April 30, 2023