Driftsoperatør, vassforsyning (distribusjon)
Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn
100 % fast stilling som driftsoperatør, vassforsyning.
Verksemd for Vatn og avløp (VA) er ei av Ålesund kommune si største verksemder med omlag 100 tilsette.
Verksemd for VA er i dag delt inn i 7 avdelingar. Avdeling for vatn ytre har ledig 1 stilling som driftsoperatør innanfor arbeidsområdet vassdistribusjon.
Søknadsfrist: 15.12.2022
Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn
Stad: ÅLESUND
Stillingstittel: Driftsoperatør, vassforsyning (distribusjon)
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4582156360
Arbeidsoppgåver
Drift og vedlikehald av distribusjonsanlegg for drikkevatn.
Styring og kontroll via fagverktøy som Gemini VA/Gemini portal og dessutan sentralt driftskontrollsystem.
Registrering og bruk av driftsdata.
Dagleg oppfølging av registrerte driftsmeldingar og avvik.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Det trengst teknisk fagbrev i røyrleggjarfaget eller nærståande fagområde.
Adk-sertifikat.
Søkjarar med erfaring innan drift av anlegg for distribusjon av drikkevatn vil bli føretrekt.
Erfaring frå registrering og bruk av driftsdata, og dessutan bruk av driftskontrollsystem er ein fordel.
Det blir føresett at søkjar har god fysisk helse.
Søkjar kan bli pålagt arbeid (eks. lekkasjelytting) der normalt god høyrsel er ein føresetnad.
Søkjarar må meistra norsk skriftleg og muntleg godt.
krav om førarkort kl. B. Det vil vere fordelaktig med klasse BE, C1 og C, men ingen krav.
Personlege eigenskapar
Vi legger vekt på evne til samarbeid, det å kunne jobbe sjølvstendig og vise engasjement.
Fantasi og forestillingsevne kombinert med fagkompetanse.
Vi er opptatt av å få god spreiing i alder, og oppfordrar derfor særleg unge arbeidstakarar om å søkja.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg entusiasme, kunnskapsrike kollegaer og moglegheit til å vere med å utvikle arbeidsområde
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, ryddige ansettingsforhold og helsefremmande velferdsordningar
Løn etter tariff.
Storgata 25, 6002 ÅLESUND, Norge
Kontaktinformasjon
Andreas Relling
Driftsleiar
476 53 381
[email protected]
Bjørn Skulstad
Avdelingsleder
916 70 170
[email protected]
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.