Driftssjef kommunalteknikk (søknadsfrist 16.02)

 

Driftssjef kommunalteknikk

 

Bremanger kommune

Bremanger kommune søkjer etter driftssjef kommunalteknikk i 100% fast stilling for snarleg tilsetjing.

Stillinga ligg under kommunalsjef samfunn og utvikling. Driftssjefen vil ha budsjett og økonomiansvar. Personalansvar for om lag 35 årsverk.

Ansvarsområda vil vere:

Bygg og eigedom
Reinhald
Vatn, avlaup, renovasjon, veg og anlegg
Brann

Driftssjefen vil ha ei aktiv rolle i høve utvikling og kvalitetsheving av ansvarsområda. Driftsjefen vil også ha ansvar for innkjøp og utarbeiding av planar og prosjektstyring av større og mindre prosjekt. Plan- og forvaltningsoppgåver i høve kommunaltekniske tenester er lagt til ei anna eining. Kommunalteknikk har tett samarbeid med denne eininga.

Vi søkjer etter ein person som har

ingeniørhøgskule, bygningsfagleg retning eller tilsvarande, eller administrativ
utdanning på høgskulenivå/bachelor med tilleggskompetanse innan byggfag eller
kommunalteknikk.
erfaring frå kommune/anna offentleg eller privat verksemd innan fagområda.
god kjennskap til bruk av nødvendig dataverktøy. Kommunen nyttar m.a. GisLine,
Revit, KomTek og FamacWeb.
god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Administrasjonsspråket er nynorsk.
gode evne til både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre.
evne til å prioritere mellom mange oppgåver, og er strukturert og ryddig.
førarkort kl. B.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Spennande og allsidig jobb med eit variert arbeidsområde.
Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar.
Fleksitid.
God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar.
Løn etter avtale.
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

 

Søknadsfrist: 16.02.2020

 

Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Stad: Svelgen
Tittel: Driftssjef kommunalteknikk
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsettingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4184872622
Stillinger: 1
Arbeidsstad Granden 4, 6723 Svelgen

 

Kontaktinformasjon

Karl Vidar Førde, Kommunalsjef samfunn og utvikling
90 78 07 43
[email protected]

Tom Joensen, Rådmann
47 61 96 41
[email protected]

 

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Del stillingen

Selskap

Bremanger kommune

Kontaktinfo

  • Karl Vidar Førde
  • Tittel: Kommunalsjef samfunn og utvikling
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 90 78 07 43

Lokasjon

  • Bremanger

Søknadsfrist

Februar 16, 2020