Driftssjef kultur og fritid (Søknadsfrist: 01.11)

 

Driftssjef kultur og fritid

 

Oppvekst, kultur og fritid, Bremanger kommune

Driftssjefen skal leie eininga kultur og fritid som består av bibliotek, kulturskule og frivilligsentral, og skal saman med sine medarbeidarar utvikle aktive samlings- og møtestader for barn, unge og vaksne i Bremanger kommune.

Søknadsfrist: 01.11.2021
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Stillingstittel: Driftssjef kultur og fritid
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4438187148

Arbeidsoppgåver

Fagleg og administrativ leiing av eininga kultur og fritid
Økonomistyring og rapportering
Prosjekt- og utviklingsarbeid
Forvaltningsoppgåver
Samarbeid med andre einingar og med frivillige lag og organisasjonar.
Forvalte tilskotsordningar
Vere eit viktig bindeledd mellom kulturlivet og kommunen

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning innan kultur frå høgskule-/universitetsnivå, minimum bachelorgrad.
Relevant erfaring frå arbeid innan kulturfeltet.
Ønskje om leiarutdanning og leiarerfaring
Det vert lagt stor vekt på arbeidserfaring frå og kunnskap om offentleg forvaltning.
Erfaring frå sakshandsaming og politiske prosessar
God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Resultat- og utviklingsorientert, innovativ, engasjert, synleg og tillitsvekkande.
Ha gode samarbeidsevner og evne til «å gjere andre gode»
Ha arbeidsglede og godt humør
Ha god rolleforståing
Vere sjølvstendig, trygg og løysingsorientert
Vere strukturert og ryddig
Evne til å prioritere mellom mange oppgåver
Vere utadretta og god til å bygge relasjonar
Ha gode gjennomføringsevner

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Driftssjef kultur og fritid ligg organisert under kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid

Vi tilbyr

God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

 

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Granden 4, 6723 Svelgen, Norge

 

Kontaktinformasjon

Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
959 85 263
[email protected]

 

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.600 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på  www.bremanger.kommune.no

 

Del stillingen

Selskap

Bremanger kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Gro Bakke Abildsnes
  • Tittel: Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 959 85 263

Lokasjon

  • Bremanger

Søknadsfrist

November 1, 2021