Driftsteknikar – 2 stillinger (søknadsfrist 04.10)
Driftsteknikar
Fjord kommune søkjar etter 2 vaktmeistrar som eig yrkesstoltheit og ynsker å bidra i Fjord kommunes tekniske eining. Begge stillingane er faste med stillingsprosent 100%. Den eine stillinga vil ha oppmøtestad i Valldal, mens den andre er i Stordal.
Tilsette i begge stillingar vert ein del av driftsteamet som består av driftsteknikarar og driftsoperatørar som deler ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunens bygg- og eigedomsmasse, kommunale vegnett, vatn- og avlaupsanlegg.
Begge stillingane skal hovudsakleg innebere drift og vedlikehald av bygningsmasse. Stillinga vil også innebere oppgåver relatert til arbeid med hjelpemidlar i tilknyting til kommuna si helseavdeling – transport, vedlikehald og reperasjon. Det er derfor ein stort fordel at kandidatar har erfaring frå liknande type jobbar. Andre gjeremål vert tillagt ved behov innan teknisk sektor. Det kan påreknast samarbeid på tvers av ansvarsområda for best mogleg løysing av oppgåvene.
Det er ynskjeleg at den tilsette kan gå inn i teknisk vakt og det er ein fordel om ein kan vere ein del av brannvernet til kommuna.
Arbeidsoppgåver
Teknisk drift av kommunale bygg
Internkontroll
Energioppfølging
Vedlikehald av kommunale bygg innvendig og utvendig
Oppgåver relatert til hjelpemidlar – ordning
Eventuelt inngå i vaktordning for Fjord kommune
Kvalifikasjonar
Fagbrev innen håndverksfag/byggfag
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for eventuelt manglande fagbrev
God økonomisk forståing
Digital kompetanse
Kjennskap til lovverk knytt til bygningsdrift
Førarkort klasse B
Ønskeleg med erfaring frå arbeid med hjelpemidlar
God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide systematisk
Evne og vilje til samarbeid
Er ansvarsfull
God på gjennomføringevne
Godt humør
Vi tilbyr
Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
Pensjonsordning i KLP
Spanande, variert og utfordrande arbeidsoppgåver i eit erfarent og tverrfagleg fagmiljø.
Kontaktinformasjon
Kornelija Lukaseviciute, Ingeniør – Drift og VAR
418 67 905
kornelija.lukaseviciute@fjord.kommune.no
Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.