Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Avdelingsleiar
Om stillinga
Eid vidaregåande skule ligg sentralt i Nordfjord i Eid sentrum. Skulen er ein kombinert skule med tilbod innan studieførebuande- og yrkesfaglege utdanningsprogram, og har omlag 80 tilsette og nær 400 elevar.
Godt samarbeid med Operahuset Nordfjord, Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og lokalt næringsliv gjev rom for spennande skuledagar. For meir informasjon kan du ta kontakt med rektor.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 30.04.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Nordfjordeid
Stillingstittel: Avdelingsleiar
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast, Vikar
Webcruiter-ID: 4641691250
Startdato: 01.08.2023
Om leiargruppa og presisering av stillingar
- Leiargruppa ved skulen vil bestå av rektor, assisterande rektor og tre avdelingsleiarar og skal bidra til at elevane får eit godt opplæringstilbod i eit trygt og godt skulemiljø.
- Avdelingsleiaren vil ha ansvar for å utvikle og leie eit eller fleire av utdanningsprogramma ved skulen. Det kan også vere aktuelt å dele leiing av eit utdanningsprogram med ein annan avdelingsleiar.
- Skulen har behov for 2 avdelingsleiarar frå 01.08.2023
- 100% fast stilling med fordeling ca.70% avdelingsleiing og ca.30% undervisning i fag skulen tilbyr100% vikariat stilling fram til 31.07.2024 med fordeling ca.70% avdelingsleiing og ca.30% undervisning i fag skulen tilbyr.
Arbeidsoppgåver
- Som avdelingsleiar vil du ha personal- og økonomiansvar for lærarar og anna personale som tilhøyrer utdanningsprogram du har leiaransvar for.
- Du får ansvar for å planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid ved skulen, og aktivt arbeide med delings- og læringskultur som skapar gode og attraktive utdanningstilbod.
- Du vil delta i arbeidet med planlegging, gjennomføring og evaluering av skulekvardagen saman med leiargruppa.
- Du skal gjennom arbeidet som avdelingsleiar skape ein trygg og god skule for elevar og tilsette.
Kvalifikasjonar
- Det er krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmf opplæringslova.
- Relevant skuleleiarutdanning er ønskjeleg.
- Leiarerfaring frå vidaregåande skule er ønskjeleg.
- Kunne vise til resultat innan endrings- og utviklingsarbeid.
- Evne til å sette seg inn i lov- og avtaleverk.
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. God digital kompetanse.
- Undervisningskompetanse i fag skulen tilbyr.
Personlege eigenskapar
- Du som set elevane si læring, trivsel og gjennomføring fyrst.
- Du er ein tydeleg , trygg og open leiar med ein inkulderande leiarstil.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du er utviklingsorientert har god gjennomføringsevne.
- Du trivast med å leie, planlegge og organisere ulike oppgåver.
- Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert.
Vi tilbyr
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø.
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
Vilkår
- Det er vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på seks månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom ein har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil ein alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Adresse:Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge
Kontaktinformasjon
Alf Reidar Myrstad, rektor
Telefon: 909 62 632
Om arbeidsgivaren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.