Undervisningstilling i elektrofag
Eid vidaregåande skule er ein kombinert skule med tilbod innan studieførebuande- og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skulen har om lag 80 tilsette og 400 elevar.
Godt samarbeid med Operahuset Nordfjord, Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og lokalt næringsliv gjev rom for spennande skuledagar. For meir informasjon sjå eid.vgs.no eller ta kontakt.
Søknadsfrist: 31.07.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Faglærar i elektrofag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4683399365
Arbeidsoppgåver
Undervisning på utdanningsprogram for elektrofag, samt kontaktlærar.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer deg som har fagbrev og teknisk fagskule eller ingeniørutdanning innan fagområdet. Skulen har eit godt samarbeid med eit unikt lokalt elektromiljø og vi har visjonar om å utdanne ungdom med rett kompetanse som næringslivet har behov for i framtida.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova. Til denne stillinga har ein tre år på seg til å gjennomføre pedagogisk utdanning, noko som arbeidsgjevar er med å legg til rette for.
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse både med elevar og tilsette.
- Fagleg oppdatert.
- Positivt elevsyn.
- Fleksibel.
- Utviklingsorientert.
Vi tilbyr
- Trygt og godt arbeidsmiljø.
- Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Vilkår
- Godkjend politiattest av nyare dato er eit vilkår for å verte tilsett i vidaregåande skule.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om han har bede om å ikkje verte ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om slikt unntak vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Alf Reidar Myrstad
rektor
Telefon:90962632
E-post:alf.reidar.myrstad@vlfk.no
Ove Jonny Lillestøl
avdelingsleiar
Telefon:41530811
E-post:ove.jonny.lillestol@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.