Sæbøhaugen bustader er fleire samlokaliserte bustader der det vert ytt tenester til vaksne personar med utviklingshemming. Avdelinga er i hovudsak delt inn i to arbeidslag, men personalet hjelper til på tvers ved behov. Me re organisert i Eining for habilitering som har hovudkontor i SKE-bygget på Leirvik, men Sæbøhaugen bustader ligg i Sæbøløkjen om lag 10 minutt frå Leirvik sentrum.
Me er ei mangfaldig personalgruppe som trivst godt i saman. Me ynskjer medarbeidarar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert.
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:
- Kartlegga behov og utarbeida faglege mål
- Oversikt over mål, oppgåver, aktivitetar og organisering av eininga og avdelinga
- Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
- Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet for brukar
- Legga til rette for aktivitet, trivsel og meistring
- Yta tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
- Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
- Halda deg fagleg oppdatert
- Halda deg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar
- Sørga for presis og utfyllande dokumentasjon
- Gjera deg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar
- Erfaring frå å jobba med brukargruppa
- God fysisk og psykisk helse
- Førarkort klasse B
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elin Maria Aasheim, tlf. 990 47 658 eller einingsleiar Nina Steinsbø Walquist, tlf. 53 49 68 82/975 52 048
Søknadsfrist: 13.06.21