Einingsleiar bu og miljøtenesta (søknadsfrist 30.08)
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Einingsleiar bu og miljøtenesta – utvida søknadsfrist
Bu og miljøtenesta er sett saman av avdelingar som psykisk helseteneste, aktivitetssenter, bufellesskap med heildøgnsdrift både innafor psykisk helse og for personar med nedsett funksjonsevne. Avlastning barn/unge, BPA og støttekontakt. Tenesta er stadig i positiv utvikling.
Her søkjer me ny einingsleiar frå 1. september 2020 i 100 % stilling.
Vi søkjer:
– ein tydeleg leiar, som er synleg og aktiv i arbeidsmiljøet og som har vilje og kapasitet til å vere leiar
– ein leiar som kan arbeide sjølvstendig, systematisk og vere målretta og resultatorientert
– ein leiar som bidreg til godt samarbeid, motivasjon og inspirasjon til tilsette
– ein leiar som har god fagkompetanse som bidreg til fagutvikling og kvalitetssikring til brukarar
Ansvar
– dagleg drift inkl budsjett-/personalansvar
– følgje opp dei ulike fagområda, og sikre gode tenester
– koordinering av dei ulike tenestene og samhandling med ulike aktørar i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta
– turnusarbeid
– prosedyrar og rutinar
Kvalifikasjonar:
– 3 årig høgskule, fortrinnsvis vernepleie eller sosionom eller anna relevant studieretning
– gjerne vidareutdanning innan psykiatri/rus
– leiarerfaring
– god kunnskap innan lov og avtaleverk
– god IT-kompetanse
– erfaring med turnusarbeid er ein fordel
Lønnsvilkår
Lønn etter avtale
Pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
Personlege eigenskapar
– tydeleg, trygg og tett på som leiar
– evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
– gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
– like å arbeide i eit hektisk miljø, der ein skiftar raskt mellom ulike oppgåver
– raskt kunne setje seg inn i nye oppgåver og kunnskap
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi kan tilby:
– ein spanande og krevjande jobb
– eit godt arbeidsmiljø
– gode mulegheiter for å utvikle deg som leiar
Send søknaden via
Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana “ledige stillingar”.
Søknadsfrist 30.08.20
Vår ref722
Merk søknad
Fakta
Selskap Lærdal kommune
Stilling Arbeidsleder
Stillingstype fast dagtid
Lokasjon Helse
Kontakter
Marianne Voldum, Organisasjon og personalleiar
[email protected]
Mobil 975 82 715