Einingsleiar for bemanningssenteret Omsorg (søknadsfrist 25.09)

Sunnfjord kommune Bygg- og eigedomsforvaltning

 

Sunnfjord kommune Omsorg
Sunnfjord kommune har oppretta ny spennande leiarstilling som

 

Einingsleiar for bemanningssenteret

 

Har du lyst på ei spennande utfordring?

Sunnfjord kommune, sektor omsorg, skal etablere, utvikle og drifte ei heilt ny eining – eit Bemanningssenter. Vi søker etter ein einingsleiar til å gjere dette arbeidet.

Bemanningssenteret skal være ei eining som tilbyr kompetanse og arbeidskraft ved fråvær i einingane. I første omgang startar vi med einingane i omsorgssektoren. Eininga skal ha kompetanse på lov og avtaleverk knytt til turnus/arbeidsplanar, og ha gode kunnskapar på vårt ressursprogram (RS).

Du vil verte ein del av ei drivande kjekk og kunnskapsrik leiargruppe.

Arbeidsoppgåver:

ansvar for tenestekvalitet, økonomi, personale, og helse, miljø og tryggleik
være med å leie og utvikle avdelinga og medarbeidarar i tråd med Sunnfjord kommune sine målsettingar og retningslinjer
sikre gode og kostnadseffektive tenester og ressursutnytting innan tildelte økonomiske rammer
sikre rett kompetanse i eininga
sjå ressursar og behov på tvers av einingane i omsorg
utvikling og forbetring av rutinar i samarbeid med einingane i omsorg
systemansvarleg/superbrukar for ressursprogrammet RS
rettleiing i lov og avtaleverk, knytt til turnusplanarbeid
andre oppgåver kan komme til
Det kan bli aktuelt etter kvart å bygge ut eininga slik at den og tilbyr kompetanse og arbeidskraft til både skule- og barnehagesektoren.

Vi vil ha deg som har:

relevant høgare utdanning innan området leiing og administrasjon eller liknande
leiarerfaring
god økonomiforståing og erfaring
gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
IT kompetanse
Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande leiarutdanning.

Og har desse personlege eigenskapane:

gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
evne til å skape samhald og eit godt arbeidsmiljø
stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne

Kva tilbyr vi:

gode utviklingsmoglegheiter
engasjert leiargruppe
god samhandling
tillit, mykje ansvar og nødvendig myndigheit
god og tilstadeverande leiing
ein arbeidsplass du kan vere stolt av
leiaravtale som tydeleggjer forventningar til stillinga
gode løns-, pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsplassen:

Sunnfjord kommune har etablert omsorgstenester i sentrumsområda, Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesteområda er institusjon, heimetenester, bu- og miljøteneste og butiltak psykisk helse. Vi har spesialiserte tenester innan rehabilitering og korttidseining.
Som tilsett i Sunnfjord kommune identifiserar du deg med våre verdiar; engasjert, inkluderande og nær.

Verkar dette interessant? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale med kommunalsjef omsorg Kirstin Bruland. Telefonnr. 57 72 20 00

Du må søke elektronisk

 

Velkommen som søkar!

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

 

Søknadsfrist: 25.09.2021

 

Tiltreding: 03.01.2022

Arbeidsstad: Førde

 

Kontaktpersonar:

Kirstin Bruland

tlf: +47 57726103  mob: +47 41615102

 

Heimeside:
www:sunnfjord.kommune.no

Sunnfjord kommune Omsorg

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 23 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

 
 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Erik Øksenberg Wold
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 948 09 065

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

September 4, 2021