Einingsleiar ved Førde omsorgssenter, skjerma (søknadsfrist 01.03)

 

 

Einingsleiar ved Førde omsorgssenter, skjerma

 

I Sunnfjord kommune er det 4 omsorgssenter som yt pleie- og omsorgstenester til brukarane på institusjonsplassane. Ved Førde omsorgssenter, skjerma, er det for tida 28 sjukeheimsplassar for personar med demenssjukdom.

Det er tett samarbeid mellom einingane i pleie- og omsorgstenestene og organisatoriske endringar må påreknast dersom det er til det beste for brukarane og drift av tenesta.

Vi søker no etter:

einingsleiar i 100 % fast stilling

Kvalifikasjonar for stillinga:

Du må ha:

relevant høgare helsefagleg utdanning og relevant leiarerfaring

erfaring frå fagfeltet

god IKT-kompetanse

god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Ønskeleg med:

erfaring innan økonomiarbeid

vidareutdanning innan helse- og sosialadministrasjon, evt. anna relevant leiar/økonomiutdanning

Vi søker deg som:

er utviklingsorientert, initiativrik 

er engasjert i fagfeltet og har evne til å motivere

har gode samarbeidsevner og kan jobbe tverrfagleg

er ein tydeleg leiar med gjennomføringsevne

har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø

er lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet

Løn etter avtale.

 

Velkomen som søkar!

   

Jobbtype: Fast  Heiltid/Deltid: Heiltid

 

Søknadsfrist:  01.03.2020

 

Tiltreding: Snarast

Arbeidsstad: FØRDE

 

Kontaktpersonar:

Kirstin Bruland mob: +47 416 15 102

 

Heimeside:

www.sunnfjord.kommune.no

 

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 23 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kontaktinfo

  • Kirstin Bruland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 416 15 102

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Mars 1, 2020