FAV – Avd. Elektro Nordnes (Bergen), Vestland fylkeskommune

Elkraftingeniør / Sivilingeniør søkes til undervisningsstilling

 

Om stillinga

Med over 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.

Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Fagskulen Vestland avdeling Nordnes, søkjer etter lærar til undervisning innan studieretning Elkraft. Det er fordel med allsidig praksis innan eit eller fleire av fagområda elektriske maskiner, høgspenningsanlegg, elektriske distribusjonsanlegg og elektriske installasjonar. Andre tema kan og vera aktuell.
Det er ein fordel med kjennskap til simuleringsverktøy som nyttast innan eit eller fleire av dei aktuelle fokusområda, som blant anna Multisim og FebDok og liknande.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 08.06.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Elkraftingeniør / Sivilingeniør søkes til undervisningsstilling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4668852358
Startdato: 01.08.2023

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing innan fagområdet elkraft for både dag- og nettklassar.
  • Undervisninga kombinerer praktisk og teoretisk undervisning.
  • Vidareutvikling av utdanningstilbodet, emne og tema i samarbeid med kollegaer, skolens leiing og lokalt næringsliv.
  • Samarbeid i utdanninga med andre lærarar innan eigen avdeling og på tvers av avdelingane.
  • Samarbeid med lokalt næringsliv.

Kvalifikasjonar:

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jf. Lov om høyere yrkesfaglig utdanning.
  • Bachelor eller mastergrad innan fagområdet elkraft er ønskeleg.
  • Ønskjeleg med pedagogisk utdanning
  • For søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skolen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga. Eventuell pedagogisk utdanning må startast innan 3 år etter tilsetjing
  • Har digital kompetanse og kan bruk digitale verktøy innan fag og undervisning
  • Har kompetanse innan grunnlagsfag i elektro. Til dømes elektroteknikk, elektroniske system, nettverkskommunikasjon, måleteknikk og teikning.

Personleg eigenskapar:

  • Du som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst.
  • Du er ein tydeleg og støttande leiar i klasserommet, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats.
  • Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.
  • Du kan bidra til at studentar får oppleva samarbeid med arbeidslivet.
  • Du ønsker å utvikla digital undervisning og trivast med kombinasjonen av praktisk og teoretisk undervisning.

Vi tilbyr:

  • Et godt arbeidssted.
  • En utfordrende stilling i et arbeidsmiljø kjennetegnet av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
  • Spennende og tverrfaglig fagmiljø med voksne studenter som er reflekterte og lærevillige.
  • Et motivert og kunnskapsrikt kollegiale med fokus på kunnskapsdeling og samarbeid.
  • Faglige utfordringer og muligheter til å delta i utviklingsarbeid.
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.

 

Adresse: Haugeveien 8, Bergen

Kontaktinformasjon

Suman Mishra
avdelingsleiar

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Svein Inge Styve
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 905 51 854

Lokasjon

  • Voss

Søknadsfrist

Juni 8, 2023