Energimontør
- Stillingstittel: ENERGIMONTØR
- Frist: 19.03.2023
- Ansettelsesform: Fast
- Arbeidsgiver: Telemark Nett AS
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vera montørarbeid
i samband med nyanlegg og drift av VTK konsernet sitt
kraftnett og fibernett, men linjerydding, transportoppdrag
og anna arbeid kan også bli aktuelt. Deltaking
i vaktordning kan bli pålagt. Stillinga vil bli underlagt
Telemark Nett AS, avdeling Høydalsmo.
Vi søkjer personar med fagbrev som energimontør og
førarkort kl. B, men all kompetanse og erfaring vil bli
vurdert. Vi har som mål å få inn fleire yngre montørar,
og oppmodar jenter til å søke. Arbeidskvardagen for
ein montør i Telemark Nett blir stadig meir digitalisert;
– difor er evner og interesse på dette området viktig.
Løn og andre vilkår i samsvar med sentral og lokal
avtale. Konsernet har eiga pensjonskasse med vilkår
som i andre offentlege ordningar og gode velferdstilbod
elles.
Spørsmål om stillingane kan rettast til Telemark Nett
AS ved dagleg leiar Gunnar Snarteland på
tlf. 35 07 5 7 38 / 35 07 57 00.
Søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar vert å
sende på e-post innan 19. mars 2023.
Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo
Om arbeidsgiveren
Vest-Telemark Kraftlag blei stifta i 1940 og er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommune. Selskapet er i dag organisert som eit konsern med morselskap og to dotterselskap, Vest-Telemark Kraftlag AS og Telemark Nett AS. Fyrstnemnde driv med kraftproduksjon, straumsalg og fiber, medan Telemark Nett driv med kraftoverføring (nett). Konsernet har om lag 60 tilsette og ei årleg omsetning på ca. 400 mill. kr. Hovudkontoret er på Høydalsmo i Tokke kommune, men konsernet har og ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune.