Ergoterapeut 80% (søknadsfrist 15.02)
Ledig stilling som ergoterapeut – Heimetenesta
Ergoterapeut 80% fast stilling
Helse- og omsorgsetaten i Askvoll har frå 01.05.20 ledig 80% fast stilling som ergoterapeut
Stillinga er lagt til Heimetenesta, men ergoterapeut vil ha tett samarbeid med sjukeheim,fysioterapeutar, legeteneste, vaktmeister hjelpemiddel og andre
Arbeidsoppgåver:
Funksjonsvurdering/kartlegging
ADL-trening
Heimebesøk
Hjelpemiddelformidling
Tilpassing av bustad
Rehabilitering/habilitering
Tverrfagleg samarbeid
Rettleiing- og undervisningsoppgaver for brukarar, pårørande og andre faggrupper
Syn- og høyrselskontakt i kommunen, i samarbeid med eksisterande syn- og høyrselskontakt
Er medansvarleg for at den totale pleie- og omsorgstenesta vert utøvd i tråd med Askvoll kommune og etaten sine visjonar og mål
Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Arbeid etter 37,5 t/veke
Kvalifikasjonar:
Offentlig godkjend ergoterapeut
Den som blir tilsett må ha sertifikat og disponere bil
Dersom ein blir tilsett må ein kunne legge fram godkjend politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise hensyn og respekt.
Du må både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper og med pårørande
Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing
Vi tilbyr:
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
Løn etter tariff
Pensjonsordning i KLP
Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast Heiltid/Deltid: Deltid Arbeidstid: Skift/turnus
Søknadsfrist: 15.02.2020
Tiltreding: 04.05.2020
Kontaktpersonar:
Lillian Vårdal
tlf: +47 57734508
Heimeside:
www.askvoll.kommune.no
Adresse: Askvollheimen 6980 Askvoll
Askvoll kommune
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.