Uranostind mindre versjon - kjøpt av OA 24

 

 

Helsesjukepleiar – 100 % vikariat – 2.gongs lysing

 

Vang Kommune

Vang kommune har ledig årsvikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar for perioda august 2024 til september 2025.

Helsestasjon og skulehelsetenesta ligger under Helseavdelinga som i tillegg består av psykisk helseteneste, sjukepleiar på asylmottak, frisklivssentral, ergo- og fysioterapi.
Helsestasjon og skulehelsetenesta er ein del av det tverrfaglege tilbodet i kommunen retta mot barn, unge og deira familier, og har i dag 2,4 årsverk.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 16.05.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Helsesjukepleiar – 100 % vikariat
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4768883380

Arbeidsoppgåver

Stillinga omfattar arbeid innan helsestasjon 0-5år, skulehelsetenesta og flykninghelse.
Helsefremmande og forebyggande arbeidsoppgåver på helsestasjon og i skulehelsetenesten i henhold til gjeldende lovverk, forskrifter og nasjonale faglege retningsliner.
Helseopplysning, helseundersøkingar, veiledning og oppfølging
Vaksinasjon i henhold til barnevaksinasjonsprogrammet
Undervisning for grupper og klasser, foreldrekurs
Dokumentasjon
Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.
Sjukepleiaroppgåver knytt til asylmottak kan forekome i forbindelse med ferieavvikling
Noko kveldsarbeid kan forekome

Kvalifikasjonar

Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar. Fullført videreutdanning som helsesjukepleiar er ynskjeleg.
Sjukepleier med anna relevant vidareutdanning kan og vurderes.
Arbeidserfaring blir vedlagt, spesielt relevant arbeidserfaring med barn, unge og familiar.
Grunnleggande IKT-kompetanse er nødvendig
Kursing eller kjennskap til TIBIR, ICDP, COS-P
Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og muntleg
Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Førerkort klasse B
Framlegging av gyldig politiattest krevst før tilsetting.

Personlege eigenskapar

Engasjement og interesse for å jobbe med barn, ungdomar og deira foreldre
Gode samarbeidssevner og evne til arbeid sjølstendig
Positiv innstilling
Strukturert, målretta, fleksibel
Kan handtere krevjande situasjoner og har evne til omstilling
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande stilling med varierte oppgåver.
Kurs og veiledning
Godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
God pensjonsordning gjennom KLP
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Kva kan du forvente i Vang?  Sjå Vangsfilmen: https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBUwww.vang.kommune.nowww.vangivaldres.no

 

Søk på stillinga her.

Adresse: Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, Norge

Kontaktinformasjon

Seija Johanna Kumpula, Leiande Helsesjukepleiar /Leiar for helseavdeling
Telefon:  977 43 775
E-post:seija.johanna.kumpula@vang.kommune.no

Vang kommune som arbeidsgjevar:

Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
Ei storstilt satsing på barn og unge!
Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
Helse og omsorgstenester av god kvalitet
Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima”, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Del stillingen

Selskap

Kautokeino kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Seija Johanna Kumpula
  • Tittel: Leiande Helsesjukepleiar / Leiar for helseavdeling
  • E-Post: seija.johanna.kumpula@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 977 43 775

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

Juni 17, 2024