Fagkoordinator, fagsykepleier og sykepleiere (søknadsfrist 15.08)

Osterøy kommune Heimetenesta

 

Sjukepleiar med rekrutteringstillegg

 

Vil du vera vår nye kollega?

Faste heiltidsstillingar som sjukepleiar i Heimetenesta, med rekrutteringstillegg

Osterøy kommune ønskjer fleire dyktige sjukepleiarar i heimesjukepleien og håper du vil verte vår nye kollega.

Stillingane er 100 % faste og går i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Me tilbyr og eit rekrutteringstillegg på kr. 30.000,- for nytilsette sjukepleiarar i fulltidsstilling.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til nødvendig helsehjelp i henhald til helse- og omsorgstenestelova. Vi har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheitar for viderutvikling. Heimetenesta er i stadig utvikling, og er i gong med fleire spanande prosjekt som velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og er i planleggingsfasa til omsorg+. I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innanfor ulike fagfelt.

Hauge omsorgsbustad er ein del av heimetenesta og har tett samarbeid med heimesjukepleien. Hauge omsorgsbustad inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følgjer same retningsliner som andre heimebuande. Sjukepleiaren har eit overordna ansvar på si vakt. Det inneber faglege vurderingar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og bebuarar. Hauge omsorgsbustad har heildøgns bemanning med eigne nattevaktar.

Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil.

Øya har nydeleg natur frå fjord til fjell.

Arbeidsoppgåver:

  • Omsorg til menneske i deira eigen heim
  • Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressusar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.
  • Faste møter med fleire samarbeidspartar

Kompetanse:

  • Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønkjeleg med vidareutdanning i e-helse.
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi nyttar CosDoc som dokumentasjonsprogram)
  • Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkjarar
  • Krav om førarkort på personbil

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Lojal mot arbeidsstaden og overhalder fatta vedtak
  • Fokus på fagutvikling og refleksjon
  • Fleksibel og endringsvilleg
  • Viser omsorg for andre
  • Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande
  • Punktleg og stukturert
  • Godt humør
  • Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

Vi kan tilby deg:

  • Rekrutteringstillegg kr. 30 000.
  • God opplæring
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad

Anna informasjon:

  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 md.
  • Førerkort klasse B er påkrevd
  • Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetjing.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 15.08.2021

 

Tiltreding: 20.09.2021

 

Kontaktpersonar:

Anne Berit Skjelfjord Jørgensen

tlf: +47 56192613 mob: +47 40806942

Anne Lise Teigland

tlf: +47 56192767 mob: +47 40806954

Linda Tepstad

tlf: +47 56192781 mob: +47 96625204

 

Heimeside:
www.osteroy.kommune.no/
Adresse:
Fotlandsvegen 27 5282 Lonevåg

Osterøy kommune Heimetenesta

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

 

———————————————————————————————————–

 

Sjukepleiar med viderutdanning

 

Fagsjukepleiar Aktivitetssenter for personer med demenssjukdom
Sjukepleiar med viderutdanning i eldreomsorg

Vi søker etter en sykepleier med vidareutdanning innan demens/geriatri til vårt dagsenter for personer med demenssjukdom.

Målet med dagsenteret er å skape meiningsfulle opplevelsar for brukarane, bygge opp under eigenmestring og bidra til at dei som ynskjar det kan bo heime så lenge som mogleeg. Dagsenteret bidreg også til avlastning for pårørande som står i ein krevjande omsorgssituasjon. Vi ynskjer å tilby ein trygg og god møteplass. Det er viktig at kvar enkelt har ein god oppleving og kan delta i aktivitetar, dagsturar og hyggeleg samvær. Dagsenteret er ein einhet under heimetenesta og har tett samarbeid med dei ulike tenestane, pårørande og demensforeningen/frivillige.

Stillinga er dagarbeid/ 37,5 t veke med kvar 4.helg i heimetenesta (dagtid).

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av aktivitetssenter
  • Inngå i tverrfagleg team/samarbeid rundt brukarene
  • Ansvar for dokumentasjon i henhold til lovar og forskrifter
  • Utarbeide og vedlikehalde tiltaksplaner i samarbeid med øvrige personale/primærkontaktar
  • Veilede, undervise, informere brukarar, pårørande og kollegaer
  • Oppsøkande virksomheit
  • Delaktig i pårørande skule
  • Samarbeid med demensforeninga

Kompetanse:

  • Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Krav om videreutdanning i eldreomsorg
  • Ønskeleg med erfaring innan demensarbeid
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi nyttar CosDoc som dokumentasjonsprogram)
  • Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkjarar

Personlege eigenskapar:

– Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

– Du er ansvarsbevisst

– Du er fleksibel og endringsvilleg

– Du er punktleg og strukterert

– Du har brukarane og deira pårørande i fokus.

– Du har fokus på fagutvikling og refleksjon

– Du har fokus på å støtte, motivere og inspirere kompetente medarbeidarar.

– Å vera personleg egna til jobben vert vektlagt.

Vi kan tilby deg:

– Funksjonstillegg, for tida 25 000 kr/år.

– Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

– Eit godt, fagleg miljø med moglegheit for fagleg utvikling.

– God opplæring

– Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

– Ei av Noregs finaste øyar som arbeidsstad.

– Ein arbeidsstad som gler seg til å få nettopp deg som ny kollega!

Anna informasjon:

  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 md.
  • Førerkort klasse B er påkrevd
  • Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetjing.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 15.08.2021

 

Tiltreding: 20.09.2021

Arbeidsstad: Heimetenesta

 

Kontaktpersonar:

Anne Berit Skjelfjord Jørgensen

tlf: +47 56192613  mob: +47 40806942

Anne Lise Teigland

tlf: +47 56192767  mob: +47 40806954

Linda Tepstad

tlf: +47 56192781  mob: +47 96625204

 

Heimeside:
www.osteroy.kommune.no/
Adresse:
Fotlandsvegen 27 5282 Lonevåg

Osterøy kommune Heimetenesta

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna.

 

———————————————————————————————————-

 

Sjukepleiar med viderutdanning

 

Fagkoordinator i Heimetenesta

Osterøy Kommune har ei ledig nyoppretta 100% fast stilling som fagkoordinator i heimetenesta frå september 2021.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til nødvendig helsehjelp i henhald til helse- og omsorgstenestelova. Vi har eit bredt fagfelt der du som fagkoordinator får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheitar for videreutvikling. Heimetenesta er i stadig endring, og er i gong med fleire spanande prosjekt som velferdsteknologi, palliasjon, kvardagsrehabilitering og er i planleggingsfasa til omsorg+. I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innanfor ulike fagfelt.

Hauge omsorgsbustad er ein del av heimetenesta og har tett samarbeid med heimesjukepleien. Hauge omsorgsbustad inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følgjer same retningsliner som andre heimebuande. Hauge omsorgsbustad har heildøgns bemanning med eigne nattevaktar.

Fagkoordinatorstillinga er ein del av eit fagkoordinatorteam som skal samarbeide tett med avdelingsleiar og einingsleiar, og vera eit bindeledd mellom leiing og dei tilsette. Som fagkoordinator skal du i lag med avdelingsleiar og einingsleiar medverka til å utvikla tenestetilbodet til brukarane og sikra ei best mogeleg drift ved verksemda. Du skal yta tenester til brukare på ein fagleg forsvarleg, respektfull og omsorgsfull måte. Tenesta skal ytast i tråd med vedtak og kommunale retningsliner.

Ein arbeider kvar 3.helg, resten er dagarbeid med 2 kontordagar i veka. 35,5 t/veke.

Arbeidsoppgåver:

– Fagutvikling.

– Planleggja, leia og koordinera dei tilsette i deira daglege oppgåver.

– Sjå til at dokumentasjonsplikta vert overhaldt (fagjournal/kvalitet- og avvikssystemet).

– Ansvar for fag- og brukarmøter i lag med avdelingsleiar.

– Tildele- og veilede primærkontakt i deira oppgåver.

– Bistå forvaltningstenesta i kartlegging og vurdering av behov hos brukarar.

– Samhandle med lege/sjukehus/sjukeheim og anna tverrfagleg samarbeid.

– oppdatering av rutiner.

– overordna ansvar for opplæring av nytilsette.

– Fagansvar for elevar, lærlingar og studentar.

– Delta i det daglege arbeidet i Heimetenesta.

Kompetanse:

– Krav om autorisasjon som sjukepleiar med minst 5 års erfaring som sjukepleiar i relevant praksis.

– Krav om relevant vidareutdanning. Det er ønskelig at videreutdanninga er innanfor rehabilitering, geriatri, diabetes, palliasjon, stomi eller alderspsykiatri. Andre vidareutdanningar vert vurdert.

– Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi har CosDoc som dokumentasjonsprogram)

– Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkarar.

– Krav om førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar:

– Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

– Du er ansvarsbevisst

– Du er fleksibel og endringsvilleg

– Du er punktleg og strukterert

– Du har brukarane og deira pårørande i fokus.

– Du har fokus på å støtte, motivere og inspirere kompetente medarbeidarar.

– Å vera personleg egna til jobben vert vektlagt.

Me tilbyr:

– Funksjonstillegg, for tida 50 000 kr/år.

– Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

– Eit godt, fagleg miljø med moglegheit for fagleg utvikling.

– God opplæring

– Ei avdeling som heldt til i eit nytt og triveleg bygg, med ny bilpark.

– Ei av Noregs finaste øyar som arbeidsstad.

– Ein arbeidsstad som gler seg til å få nettopp deg som ny kollega!

Annan informasjon:

Ved tilbod om stillinga må det leggjast fram politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved fast tilsetjing.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 15.08.2021

 

Tiltreding: 20.09.2021

Arbeidsstad: Heimetenesta

 

Kontaktpersonar:

Anne Berit Skjelfjord Jørgensen

tlf: +47 56192613 mob: +47 40806942

Anne Lise Teigland

tlf: +47 56192767 mob: +47 40806954

Linda Tepstad

tlf: +47 56192781 mob: +47 96625204

 

Heimeside:
www.osteroy.kommune.no/
Adresse:
Fotlandsvegen 27 5282 Lonevåg

 

Osterøy kommune Heimetenesta

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

 

Del stillingen

Selskap

Osterøy kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Lonevåg

Søknadsfrist

August 15, 2021