Fagleiar arkiv 100% fast
Me søker:
Fagleiar arkiv i 100% fast stilling. Stillinga er organisert på avdeling kommunikasjon og service.
Kommunikasjon og service har ansvar for servicetorg med sentralbord og publikumskontakt, politisk sekretariat og arkivtenesta til Vindafjord kommune
Som fagleiar arkiv er du opptatt av digitalisering og du brenn for dokumentasjonsforvaltning, slik at kommunen har gode løysingar for dokumentasjon og arkivtenestene for framtida. Fagleiar arkiv vil ha eit fagleg ansvar for arkiv og dokumentforvaltning og ha eit koordineringsansvar for tilsette i fagområdet.
Vindafjord kommune samarbeider med Haugalandskommunane Etne, Sveio, Tysvær, Bokn, Haugesund og Karmøy om felles sak- og arkivsystem. Som fagleiar arkiv vil du representere Vindafjord i nettverksgruppa for arkiv.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Arkivfaglig leiing og fagleg utvikling av medarbeidarane
- Ansvar for dokumentasjonsforvaltning i henhold til gjeldande lovverk
- Delta i arkivfaglege prosjekt
- Delta i fagnettverk arkiv for dei 7 kommunane på Haugalandet
- Sikre gode rutinar og arbeidsprosessar i dagleg arkivarbeid
- Ansvar for arkivplan og bevaring-/ kassasjonsreglement
- Medansvar for systemadministrasjon
- Support for kommunen sine saksbehandlarar som nyttar WebSak
- Ansvar for bortsettingsarkivet og depot
- Delta aktivt i det daglege arkivarbeidet
Kvalifikasjonar:
- Har arkivfagleg- eller anna relevant utdanning på bachelornivå eller høgare. Erfaring frå tilsvarende arbeid kan kompensere for formell utdanning.
- Har svært god IT-kompetanse og gjerne erfaring med digitale prosessar.
- Har relevant erfaring frå arkivteneste innan offentleg forvaltning og bruk av elektronisk sak-/arkivsystem
- Erfaring frå bruk av Acos websak, er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Er løysingsorientert, sjølvstendig og tek klare avgjerder
- Har gode samarbeidsevne og skapar entusiasme
- Har oversikt og er god til å planlegge
- Har stor arbeidskapasitet og er fokusert på resultat
- Personleg eignaheit vert særskilt vektlagt
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
- Fylke: Rogaland
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 25.06.2023
- Tiltreding: Snarast
- Arbeidsstad: Rådhuset i Vindafjord
Kontaktpersonar:
Hilde Hellenes
mob: +47 91626948
Heimeside:
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9