Fagleiar ved Svelgen skule (søknadsfrist 01.03)

 

Fagleiar ved Svelgen skule

 

Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune
Svelgen oppvekst er ein 1-10-skule og barnehage.

Svelgen skule har ledig ei fast stilling som fagleiar i 100 % frå hausten 2020.

Vi søker etter ein fagleiar som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon.

Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei skuleleiarstilling inneber.

I stillinga inngår 60 % administrasjon og 40 % undervisning, og du må derfor ha undervisningskompetanse innanfor skulen sitt fagtilbod.Arbeidsoppgåver

Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande, samt ha følgjande oppgåver:

informere nytilsette i skulen og gi praktisk informasjon
kollegarettleiing i pedagogiske og psykososiale spørsmål
vere del av skulen sitt PALS-team
medansvar og oppfølging av skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet (skulen si satsing på IBOS, § 9A, skulehelsetenesta, annleisveka mm.)
medansvar for oppfølging av einskildelevar og tidleg innsats
medansvar overgangsarbeid i skule/barnehage
delta på teamleiarmøte
organisering av nasjonale prøver, eksamen og tentamen
vikarordning i samarbeid med teamleiarane, samt utarbeide inspeksjonsplan
ha ansvar for den kulturelle skulesekken
ha ansvar for branntilsyn, brannøvingar to gangar pr. år, branninformasjon, dokumentasjon

Kvalifikasjonar
Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:

godkjent undervisningskompetanse og lang erfaring frå skuleverket
høg relasjonskompetanse med gode samarbeids- og formidlingsevner
fagleg kompetent
avgjerdsfør/resultatorientert
god skriftleg og munnleg framstillingsevne
erfaring og utdanning innan leiing er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.

Lønn og tilsettingsvilkår
Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetting.

Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og overeinskomstar.

Det er 6 månaders prøvetid med 14 dagars gjensidig oppseiingsfrist.

 

Søknadsfrist: 01.03.2020

 

Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Stad: Svelgen
Tittel: Fagleiar ved Svelgen skule
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsettingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4177381733
Stillinger: 1
Arbeidsstad  Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen

 

Kontaktinformasjon

Gro Bakke Abildsnes
Kommunalsjef oppvekst
95985263

Sindre Myklebust Fjeld
Driftssjef Svelgen oppvekst
46806321

 

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Del stillingen

Selskap

Bremanger kommune

Kontaktinfo

  • Gro Bakke Abildsnes
  • Tittel: Kommunalsjef oppvekst
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 959 85 263
  • Sindre Myklebust Fjeld
  • Tittel: Driftssjef Svelgen oppvekst
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 468 06 321

Lokasjon

  • Bremanger

Søknadsfrist

Mars 1, 2020