Utdanningsleiar maskin og prosess
Fagskulen Vestland – Avd. Maskin/Prosess (Nordnes), Vestland fylkeskommune
Om stillinga
Vil du bli vår nye utdanningsleiar innan maskin og prosess utdanninga vår ved Studiestad Nordnes?
Fagskulen Vestland
Med snart 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekker seg over fleire år og kortare fleksible utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skolen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.Vil du bli vår nye utdanningsleiar innan maskin og prosess utdanninga vår ved Studiestad Nordnes?
Avdelinga søkjer ny leiar for maskin og prosess avdelinga. Avdelinga tilbyr maskin utdanning både ved studiestad Nordnes og Stord, ved studiestad Stord har vi eit tett samarbeid med Aker. Avdelinga er sentral i satsinga på industrifagskolen gjennom eit tett samarbeid med arbeidslivet.
Utdanningsleiar inngår i prorektor for utdanning si leiargruppe og har medansvar for utvikling av Fagskulen Vestland i samsvar med strategi, målsetjingar og verdigrunnlag for Fagskulen Vestland.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 22.10.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Utdanningsleiar maskin og prosess
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4716744229
Arbeidsoppgåver
Ansvar for:
- fagleg og pedagogisk kvalitet
- utvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet
- vidareutvikle kontakt med næringsaktørane i regionen
- studentane sitt læringsmiljø
- dei økonomiske rammene for eininga
- personaloppfølging
- utvikling av ein god KS kultur ved eininga
- å legge til rette for digitalisering og nyskaping i utdanningane
- delta i nasjonale fora som er relevante for stillinga
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan eit av fagområda td maskiningeniør, prosessingeniør eller tilsvarande
- Pedagogisk kompetanse er ein føremonn.
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad. Erfaring med leiing frå utdanningsinstitusjonar er eit føremonn.
- Evne til å ta strategisk og heilskapleg perspektiv
- Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege kollegaer og høve til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet.
- I tillegg får du fordelane med å være tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og gode pensjonsordningar.
Adresse:Haugeveien 28, 5005 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
Eilert Årseth, ass. rektor
Telefon: 470 59 233
E-post: eilert.arseth@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.